Eliza
kvinnenamn
Eliza er ei engelsk kortform av kvinnenamnet Elizabeth som etter kvart er blitt eit namn i sin eigen rett. Det er mykje brukt i heile den engelsktalande verda, men er uvanleg i Noreg, der Elisa og Elise dominerer.


Kjende namneberarar
endre- Eliza Acton (1799–1859), engelsk forfattar
- Eliza Crosby Allen (1803–1848), amerikansk redaktør
- Eliza Flower (1803–1846), britisk musikar og komponist
- Eliza Agnew (1807–1883), amerikansk kristen misjonær
- Eliza Allen Starr (1824–1901), amerikansk kunstnar, kunstmeldar og lærar
- Eliza Ann Gardner (1831–1922), afroamerikansk abolisjonist, religiøs leiar og kvinnerørsleleiar
- Eliza Bushyhead Alberty (1839–919), cherokee-pedagog og forretningskvinne
- Eliza Frances Andrews (1840–1931), amerikansk forfattar, botanikar og lærar
- Eliza Ashton (1851–1900), australsk journalist
- Eliza Gardiner (1871–1955), amerikansk kunstnar
- Eliza Jane Ashley (1917–2020), amerikansk kokk og forfattar
I kulturen
endre- Eliza er namnet på ein opera av Thomas Augustine Arne
- Eliza er ei slaveheltinne i romanen Hytta hans farbror Tom
- Eliza Doolittle er heltinne i skodespelet Pygmalion av George Bernard Shaw og musikalen My Fair Lady
Dataprogrammet ELIZA, som simulerer ein samtaleterapeut, er kalla opp etter Eliza Doolittle.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Eliza hjå Statistisk Sentralbyrå