Opna hovudmenyen

George Bernard Shaw (26. juli 18562. november 1950) var ein anglo-irsk dramatikar. Han blei tildelt nobelprisen i litteratur i 1925. Han skreiv mellom anna skodespelet Pygmalion, som seinare blei skapt om til musikalen og filmen My Fair Lady.

George Bernard Shaw
George Bernard Shaw 1936.jpg
Fødd 26. juli 1856
Dublin
Død

2. november 1950
Ayot St Lawrence

Yrke musikkritikar, politikar, skodespelforfattar, språkforskar, manusforfattar, kunstnar, journalist, biograf, fotograf, forfattar
Far George Carr Shaw
Mor Lucinda Elizabeth Shaw
Ektefelle Charlotte Payne-Townshend
George Bernard Shaw på Commons

LivEndra

 
Shaw's Corner. Foto: Rolf Theil, 19.06.2009.

Shaw var fødd i ein fattig protestantisk familie i Dublin. På 1870-talet flytta han til London for å prøva lukka som forfattar. Han skreiv fem romanar som blei refuserte før han fekk arbeid som musikk-kritikar i avisa The Star. På same tida tok han til å delta politisk, gjennom medlemskap i det sosialistiske Fabian Society og «Bloody Sunday»-demonstrasjonen i 1887. Frå 1895 til 1898 var Shaw teaterkritikar i Saturday Review. Han blei gift med Charlotte Payne-Townshend i 1898. Shaw budde i huset «Shaw's Corner» i landsbyen Ayot St Lawrence i Hertfordshire fra 1906 til han døydde i 1950.

Verk og påverknadEndra

 
Peishylla til George Bernard Shaw i stua i Shaw's Corner, med bilete av mellom anna Mahatma Gandhi, Vladimir Lenin, Josef Stalin og Henrik Ibsen. Foto: Rolf Theil, 19.06.2009.

Den første teatersuksessen hans, Candida, hadde premiere i 1898, og blei følgd opp av fleire komediar: The Devil's Disciple (1897), Arms and the Man (1898), Mrs Warren's Profession (1898), Captain Brassbound's Conversion (1900), Caesar and Cleopatra (1901, Man and Superman (1902), Major Barbara (1905), Androcles and the Lion (1912) og Pygmalion (1913).

Etter første verdskrigen skreiv han meir seriøse stykke, som Heartbreak House (1919) og Saint Joan (1923).

Som musikkritikar var Shaw ein ivrig forkjempar for musikken til Wagner. Innan teater var han særs oppteken av Henrik Ibsen, som han tok som eit førebilete og studerte i boka The Quintessence of Ibsenism (1891).

KjelderEndra

  Denne litteraturartikkelen som har med England å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.