Elkem Bjølvefossen

Elkem Bjølvefossen er eit norsk metallsmelteverk som ligg i Ålvik i Kvam herad ved Hardangerfjorden.

Elkem Bjølvefossen i 2007.
Foto: Thomas Andersen.

Historie endre

Verksemda vart starta opp i 19. mars 1905[1] under namnet Bjølvefossen A/S for å utnytta vasskrafta i Ålvik. I 1918 var Bjølvo kraftverk ferdigbygd for å gje kraft til Bjølvefossen A/S, og føretaket starta no med produksjon av kalsiumkarbid. I 1925 vart det skipa eit elektro-metallurgisk smelteverk her som produserte ferrosilisium og ferrolegeringar til internasjonal metallindustri. Firmaet Elkem overtok aksjemajoriteten i 1986, og frå og med 2000 eigde dei 100 % av aksjane.

Produksjon endre

Elkem Bjølvefossen har i dag ca 150 tilsette og 2 elektriske reduksjonsomnar. I tillegg til ferrolegeringane produserer smelteverket også MicroSilika, silika-støv som opphavleg var eit avfallsstoff frå produksjonen. Ved hjelp av ny reinseteknologi kan stoffet i dag nyttast både i bygningsplater, kosmetikk og kontaktlinser. Elkem Bjølvefossen produserer om lag 60.000 tonn ferdig produkt i året. Smelteverket har også energiattvinning.

Elkem Bjølvefossen i dag endre

Elkem Bjølvefossen vart truga av nedlegging i 2006.[2] Verksemda har likevel klart å halda det gåande, og er per i dag ikkje nedlagt. Eigaren Elkem blei i januar 2011 kjøpt opp av kinesiske China National Bluestar. I desember same året måtte Elkem stansa produksjonen ved 3 av omnane i Noreg i nokre veker. Bjølvefossen fekk dermed redusert produksjon ein periode.[3]

Elkem Bjølvefossen er i dag (2014) i full drift med 2 ovnar og har store planar for tida fremover.

Kjelder endre

Fotnotar endre