Ellen Johnson Sirleaf
Ellen Johnson Sirleaf (fødd 29. oktober 1938) er ein liberisk politikar som i november 2005 blei vald til president i Liberia. Ho er den første demokratisk valde statsleiaren i Afrika som er kvinne. Ho fekk Nobels fredspris i 2011.
Ellen Johnson Sirleaf | |||
| |||
Fødd | 29. oktober 1938 (85 år) Monrovia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Liberia | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom, gründer, skribent | ||
Institusjonar | Verdsbanken Citibank HSBC FNs utviklingsprogram Open Society Initiative for West Africa | ||
Utdanna ved | University of Colorado Boulder Harvard University Harvard Kennedy School College of West Africa Madison Business College University of Wisconsin–Madison University of Colorado | ||
Medlem | Alpha Kappa Alpha The Links, Incorporated | ||
Alle verv |
Sirleaf leier Unity Party, Einingspartiet, i Liberia. Ho har tidlegare vore finansminister i regjeringa til William Tolbert frå 1970. Ho stilte som kandidat til senatet i 1985 og uttalte seg då imot militærregimet i landet, noko som gav henne ein dom på ti års fengsel. Etter kort tid i fangenskap blei ho sloppen fri og drog i eksil. I 1997 kom Sirleaf tilbake til Liberia som økonom for Verdsbanken og Citibank i Afrika.