Ellen Terry

britisk skodespelar (1847-1928)

Ellen Terry (27. februar 184721. juli 1928) var ein britisk skodespelar som blei kjend for rollene sine i mange Shakespeare-stykke.

Ellen Terry

Fødd27. februar 1847
FødestadCoventry
Død21. juli 1928 (81 år)
DødsstadTenterden, Small Hythe
Verka somteaterskodespelar, filmskodespelar, impresario, skribent
MorSarah Ballard
FarBenjamin Terry
EktefelleGeorge Frederic Watts, James Carew, Edward William Godwin, Charles Clavering Wardell Kelly
SambuarEdward William Godwin
BornEdith Craig, Edward Gordon Craig
Prisarstorkorsdame av Order of the British Empire

Terry var fødd i Coventry, i ein familie der stort sett alle var skodespelarar. Ho debuterte på scena som åtteåring i 1856; i publikum var mellom anna dronning Victoria av Storbritannia. Terry hadde store suksessar, mellom anna med rolla som Puck i Ein midsommarnattsdraum av Shakespeare og medverka og i oppsetjinga av An American Cousin. Ho trekte seg tilbake frå scena då ho var 16 år for å gifta seg med den britiske målaren George Frederick Watts, men paret skilte lag allerie etter ti månader, sjølv om skilsmissa fyste kom i kraft i 1877. Terry hadde eit comeback då ho var 22 år, og i dei følgjande tiåra blei ho den mest feira skodespelaren i England.

Ho spelte mot Henry Irving i mange shakespearestykke, og er aller best kjend for rolla si som Ofelia i Hamlet. Ho medverka òg i nokre stumfilmar.

I mange år brevveksla ho med forfattaren George Bernard Shaw.

Ho var gift to gongar til, frå 1877 til 1885 med Charles Wardell Kelly og frå 1907 fram til ho døydde i 1928 med stumfilmskodespelaren James Carew. Terry hadde to barn, fødde 1869 og 1872, eit av dei den kjende regissøren Edward Gordon Craig. Dei var fødd i dei åra ho offisielt var gift med Watts, men faren til barna var arkitekten Edward Godwin.

Terry blei adla 1925. Ho døydde i 1928 i Small Hythe nær Tenterden i Kent.

Filmografi endre

  • 1917 - Her Greatest Performance
  • 1918 - Victory and Peace
  • 1918 - The Invasion of Britain
  • 1918 - Denny From Ireland
  • 1920 - Denny From Ireland
  • 1922 - Potter's Clay
  • 1922 - The Bohemian Girl

Kjelder endre