Ellen Winther Lembourn

dansk skodespelar og sångar

Ellen Winther Lembourn (11. august 193313. august 2011) var ein dansk operasongar (sopran) og skodespelar.[1]

Ellen Winther Lembourn

Fødd11. august 1933
FødestadAarhus
Død13. august 2011 (78 år)
DødsstadKøbenhavn
FødenamnEllen Sørensen
OpphavKongeriket Danmark
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somskodespelar, operasongar, stemmeskodespelar
Gift medJohn Winther, Hans Jørgen Lembourn

Bakgrunn endre

Winther var dotter av kjøpmannen Laurits Sørensen og kona hans Esther. Systera hennar er utdanna fiolinist og har vore tilsett i Det Kongelige Kapel.

Winther vart utdanna som musikkpedagog frå Jydsk Musikakademi i 1955 og to år seinare frå Det Kongelige Teater som operasongar. Same år debuterte ho som Cherubino i Figaros Bryllup.

I perioden 1957–1987 var Winther tilsett som operasongar ved Det kongelige Teater, der ho også hadde fleire roller i skodespel. Parallelt med dette hadde ho fleire gjesteframsyningar, blant anna ved Den Jyske Opera og i 1964 ved operaen i Kiel. I dei fyrste åra av karrieren song ho ei rekkje subretteroller. Seinare fekk ho mulighet til å utfalde seg i koloraturfaget, blant anna som Adele i Flaggermusen og Violetta i La Traviata.

Med sitt allsidige song- og skodespelartalent opparbeidde Winther seg etter kvart eit stort publikum, ikkje minst gjennom sine mange framsyningar i film og på tv (oprettane Jomfruburet, Flaggermusen og Valsedrømmer), i revy (Cirkusrevyen 1974) og musikalar som Sound of Music og Skaf mig en tenor.[2]

I 1962 vann Wither Dansk Melodi Grand Prix med songen «Vuggevise». I den internasjonale finalen i Luxembourg enda ho som nummer 10 av 16 deltakarar.[3]

I fjernsynsserien Matador spela Winther rolla som Minna Varnæs.

I 1968 mottok Winther Elisabeth Dons Mindelegat og i 1996 Olaf Poulsens Mindelegat. 19. desember 1983 vart ho utnemnd til riddar av Dannebrogordenen.

Frå 1960 til 1966 var Ellen Winther gift med pianisten John Winther, og paret fekk to barn. Ho var gift med forfattaren og politikaren Hans Jørgen Lembourn frå 1973 til han døydde i 1997.[2]

Filmografi endre

Filmar endre

TV-produksjonar endre

Kjelder endre

  1. «Dødsfald: Ellen Winther Lembourn» (på dansk). 17. august 2011. Henta 8. juli 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Ellen Winther Lembourn | Det Danske Filminstitut». www.dfi.dk (på dansk). Henta 8. juli 2018. 
  3. «Ellen Winther - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Henta 8. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ellen Winther Lembourn