Ellesmere Port er ein stor industriby og lastehamn i distriktet Ellesmere Port and Neston i Cheshire i England. Byen ligg nord for Chester, og har opp under 70 000 innbyggjarar. Byen ligg ikkje langt frå grensa til Wales, og fleire av innbyggjarane i byen er walisarar.

Ellesmere Port

Ellesmere Port
Ellesmere Port
Ellesmere Port
Plassering
Ellesmere Port is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cheshire
Distrikt Cheshire West and Chester
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

68 398
Koordinatar 53°17′N 2°54′W / 53.283°N 2.900°W / 53.283; -2.900
Diverse annan informasjon
Postnummer CH65, CH66
Telefon-retningsnummer 0151
Commons har multimedium som gjeld: Ellesmere Port

Skildring endre

Byen er hovudsakleg industriell, og er dominert av oljeraffineriet til Shell på Stanlow og ein tidlegare ICI kjemisk verkstad. Byen er òg heimstad for ein Vauxhall Motors-fabrikk, der Opel Astra blir for produsert Storbritannia. Det er nokre turistattraksjonar, som båtmuseèt og «Blue Planet Aquarium».

Historie endre

Byen Ellesmere Port vart stifta som ein utpost mot havet etter at Ellesmerekanalen vart bygd. Kanalen vart designa av William Jessop og Thomas Telford, for å binde saman elvane Severn, Mersey og Dee. Berre Mersey og Dee vart bundne saman, i 1795, sambandet til Severn vart aldri fullført. Kanalen vart forbunde til Mersey i ein landsby med namnet Netherpool, og området var kjent som Whitby Locks.

Landsbyen Netherpool endra gradvis til «Port of Ellesmere», og frå 1800-talet til Ellesmere Port. Det hadde vore busetjing i området sidan Domesday Book vart skriven. Mange av landsby- og stadnamna i området stammar frå gammalnorrønt, i likskap med store delar av Wirral-halvøya, som har vore busett av vikingar.

Etter opninga av Manchesterkanalen i 1894 og oljeraffineriet på Stanlow på 1920-talet voks byen slik at han fekk Great & Little Sutton, Hooton, Whitby, Overpool og Rivacre som forstader. I 1962 auka behovet for bustader enormt etter at Vauxhall Motors opna fabrikk i Ellesmere Port.

Dei siste 20 åra har fleire fabrikkar stengt, og arbeidsplassar gått tapt, men folkesetnaden har auka og det har kome mange nye butikkar. Likevel er næringslivet i Ellesmere Port fortsett basert på industri.

Venskapsbyar endre

Kjende innbyggjarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre