Elling Vanberg (4. september 193731. desember 1993) var ein norsk forfattar og bonde frå Olden i Stryn kommune.

Elling Vanberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1939
Olden
Død

31. desember 1993 (54 år)

Yrke skribent

I ungdomen gjekk Vanberg i læra hjå den hollandske biletkunstnaren DooijewardSingerheimen i Olden i tre somrar (1951–53). Medan han avtente militærtenesta i Trondheim i siste halvdel av 1950-åra, tok han realskuleeksamen og byrja å ta flytimar. Men på grunn av ein kneskade måtte han leggja til sides ein gamal draum om å verta flygar. Etter Trondheim vart det gymnas og realartium på eitt år i Oslo. Seinare gjekk han eitt år på kunst- og handverksskule i Oslo.

Elling Vanberg var ein bruksdiktar, med tekstar med sterke røter i lokale tradisjonar og i det landskapet han hadde rundt seg. Nokre av dikta er skrivne på nokså rein Olden-dialekt, men i tema og motiv er det ikkje lokale grenser rundt dikta og korttekstane hans. Vanberg var oppteken av dei grunnvilkåra vi lever under, ikkje minst den viktige og vanskelege kommunikasjonen mellom menneske. Men han skreiv òg samfunnskritisk, med skarp brodd mot materialisme og underhaldningssykje. Ein sentral inspirator for både tenking og skriving var den amerikanske diktarfilosofen Henry David Thoreau og hans tankar om forholdet mellom natur og sivilisasjon.

Humoristen Vanberg synest best i dei mange folkelivsskildringane på vers, med råkande personkarakteristikkar og målande situasjonsbilete.

I 2009 kom eit utval av Vanbergs dikt på plate, tonesette og framførte av Arve Henriksen: Ellivan. På plata les Vanberg sine eigne dikt, etter opptak gjorde av NRK Sogn og Fjordane. Elles medverkar Terje Isungset, Karl Seglem, Anna Maria Friman og Jan Bang.

Gjennom dikt, korttekstar og innlegg i lokalavisene var Elling Vanberg godt kjend i Sogn og Fjordane som «Ellivan». Eit utval av tekstane hans kom i bokform etter han var død: Dei lækjande urteorda (1994), Songen om dei store slettene (1995) og Grunnsteinar (1998), alle tre redigerte og med etterord av Ove Eide.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1995 – Songen om dei store slettene : eit assosiasjonsspel (Naustdal: Vestlandsforl.). ISBN ISBN 82-91236-04-6  [Elling Vanberg, Finn Egil Eide ; redigering, tilrettelegging: Ove Eide]

I bøker - eit utval endre

  • 1978 – Såg du mi bygd -  : dikt frå fjell, bre og indre Nordfjord (Stryn: Fjordingen)  [Utgjeven av "Fjordingen" ; omslaget er teikna av Svein M. Nesje. Inneheld dikt av Elling Vanberg (Ellivan)]

Lydopptak endre

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre