Pampas er ei stor sideelv til Apurímac. Ho har utlaup i Apurímac ca. 40 kilometer nordvest for Abancay.

Elva Pampas
elv
Land  Peru
Munning Apurímac
Kart
Elva Pampas
13°25′12″S 73°12′45″W / 13.419949°S 73.212429°W / -13.419949; -73.212429
Wikimedia Commons: Pampas River

Retninga på elvefaret varierer mykje: Hovudgreina startar i sørlegaste grenseområdet mellom Ayacucho og Apurímac-regionen, over 4000 moh. Herifrå går laupet mot nord til eit punkt om lag 50 km aust for byen Ayacucho der dalen gjer ein skarp boge og dreier mot sør og søraust. Så følgjer ca. 70 km gjennom ein djup dal mot aust før dalen dreier rett nord dei siste 5 kilometrane. Regiongrensa mellom Ayacucho og Apurímac følgjer elvefaret i stort mon.

Det finst ei stor sidegrein til Pampas som også har namnet Pampas. Ho har kjelder i litt inn i Huancavelica-regionen, ca. 4000 moh. nær kjeldene til elva Ica. Dette elvefaret går grovt rekna frå vest mot aust ca. 140 km gjennom Ayacucho-regionen. Dalbotnen som denne greina følgjer ligg under 3000 moh. det meste av strekket.

Grensa for nedslagsfeltet for Pampas ligg på vasskiljet i Andesfjella mot nedslagsfeltet til Stillehavet. Nedslagsfeltet til Pampas har spreidd busetnad med lite utbygd infrastruktur.

Kjelder endre