Elva Vienne
- For fleire tydingar av namnet, sjå Vienne (fleirtyding)
Vienne er ei av dei viktigaste elvane sørvest i Frankrike, og ei stor sideelv til Loire. Ho inneheld fleire demningar for produksjon av vasskraft, og er den største elva i regionen Limousin og den austlege delen av Poitou-Charentes.
Vienne | |||
elv | |||
Vienne i Limoges.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 21 105 km² | ||
Lengd | 372 km | ||
Middelvassføring | 203 m³/s | ||
Kjelde | Plateau de Millevaches | ||
- høgd | 880 moh. | ||
Munning | Loire | ||
![]() Elva Vienne | |||
Wikimedia Commons: Vienne River | |||
To franske departement er kalla opp etter Vienne: Haute-Vienne (87) i Limousin og Vienne (86) i Poitou-Charentes.
ElveleieEndra
Vienne har sitt utspring i departementet Corrèze, ved foten av Mont Audouze på Plateau de Millevaches nær Peyrelevade. Ho renn stort sett vestover til byen Limoges, der ho ein gong spela ei viktig rolle i den vidkjende porselenindustrien i byen. Eit lite stykke etter Limoges snur ho nordover. På veg til munningen i Loire mottar Vienne elvane Creuse og Clain. Etter om lag 390 km munnar Vienne ut i Loire ved Candes-Saint-Martin i departementet Indre-et-Loire.
Vienne renn gjennom følgjande departement og byar: