Opna hovudmenyen
For elva med same namn, sjå elva Creuse
Creuse
Våpenskjoldet til Creuse
Plassering
Plasseringa til Creuse i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 23
Region: Limousin
Préfecture: Guéret
Sous-préfectures: Aubusson
Arrondissement: 2
Kantonar: 27
Kommunar: 260
Président du conseil général: Jean-Jacques Lozach
PS
Statistikk
Folketal Rangering 97.
 -1999 124 470
Folketettleik: 22/km²
Landareal¹: 5 565 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Creuse er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Limousin, og er kall opp etter elva med same namn.

HistorieEndra

Creuse er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av den tidlegare franske provinsen la Marche.

GeografiEndra

Creuse er ein del av den regionen Limousin og er omringa av departementa Corrèze, Haute-Vienne, Allier, Puy-de-Dôme, Cher og Indre.

Departementet ligg i Massif Central og elva Creuse og sideelvane hennar renn gjennom området. Elva er demma opp fleire stader for å skape vasskjelder og for straumproduksjon ved hjelp av vasskraft. Typisk for eit indre område på det europeiske kontinentet har Creuse relativt kalde vintrar med noko snø fram til april, men òg varme somrar. Ein kan få litt regn her gjennom heile året sidan området har relativt høgt terreng. Topografien er hovudsakleg kuperte åsar med ofte bratte elvedalar i mellom.

Av planteliv finn ein eik, ask, kastanje, hassel og kirsebærtre. Det ligg ikkje kommersielle vingardar her, og mykje av jordbruket baserer seg på kveg (Charolais og Limousin) og sauer.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert kalla creusois. I løpet av dei to siste generasjonane har Creuse hatt det største fallet i folketal av alle franske departement, frå 164 000 i 1960 til 124 000 i 1999, eit fall på 24 %.

TurismeEndra

Dei største turistattraksjonane er veggteppemuseumet i Aubusson, slotta i Villemonteix, Boussac, Banizette og klosteret i Moutier-d'Ahun (med flotte tre utskjeringar).

Sidan slutten av 1990-åra har Creuse vorte ein stor turiststad. Somrane er relativt varme, men ikkje så varme som lenger sør i Frankrike. Med skogar og få hus i landskapet, i tillegg til lite forureining, har mange personar frå nabolanda (hovudsakleg Storbritannia og Nederland, men òg Tyskland og Belgia) søkt om å få kjøpe eigedommar i Creuse. Husa her er billigare enn i t.d. Provence, og har rolege omgivnadar.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Creuse