Elvis by Request
Elvis By Request ep av Elvis Presley | ||
Utgjeve | februar 1961 | |
Innspelt | August–October 1960 | |
Sjanger | Soundtrack | |
Lengd | 11:02 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Urban Thielmann | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
A Touch of Gold Vol. 3 (1960) |
Elvis By Request | Follow That Dream (1961)
|
Elvis By Request er ein EP av Elvis Presley med songar frå filmen Flaming Star, gjeven ut i 1960.
Innspelinga fann stad 8. august og 7. oktober 1960 i Radio Recorders i Hollywood. Først vart det skrive fire songar for filmen, men «Britches» og «Summer Kisses Winter Tears» vart droppa.[1] Filmmusikken i filmen bestod berre av to songar, «Flaming Star» og «A Cane and a High Starched Collar.» Ein tidleg versjon av «Flaming Star», som nytta arbeidstittelen til filmen, «Black Star,» vart spelt inn av Presley og seinare gjeven ut i 1990-åra. Den langt mørkare teksten i «Black Star»-versjonen meinte somme kommentatorar at David Bowie refererte til i sin «Blackstar».[2]
To månader etter filmen hadde premiere, gav RCA ut EP-plata Elvis By Request – Flaming Star, som nådde 14. plassen på Billboard Hot 100.[3] Han inneheld tittelsporet og ein av dei avviste songane, «Summer Kisses, Winter Tears», i lag med to av Presley sine listetoppar i 1960, «Are You Lonesome Tonight?» og «It's Now or Never». «Summer Kisses» kom seinare ut på samlealbumet Elvis for Everyone fem år seinare, og «A Cane And A High Starched Collar» kom ut på Elvis: A Legendary Performer Volume 2. «Britches» vart først gjeven ut på Elvis: A Legendary Performer Volume 3 i 1979.
Songen «Flaming Star» vart tittelsopret på Elvis Sings Flaming Star, som var tilgjengeleg i butikkar som selde Singer-symaskinar som eit marknadsføringstriks.
Medverkande
endre- Elvis Presley – vokal
- The Jordanaires – korvokal
- Howard Roberts – elektrisk gitarar
- Tiny Timbrell – akustisk gitarar
- Jimmie Haskell – trekkspel
- Dudley Brooks – piano
- Myer Rubin – kontrabass
- Bernie Mattinson – trommer
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Flaming Star» | Sherman Edwards og Sid Wayne | 7. oktober 1960 | 2:25 |
2. | «Summer Kisses Winter Tears» | Ben Weisman, Fred Wise, Jack Lloyd | 2:17 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Are You Lonesome Tonight?» | Lou Handman og Roy Turk | 4. april 1960 | 3:05 |
2. | «It's Now or Never» | Eduardo di Capua, Aaron Schroeder, Wally Gold | 3. april 1960 | 3:15 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flaming Star» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 137.
- ↑ Daily Telegraph 13 January 2016 Does a 1960s Elvis song hold the key to Bowie's Blackstar, and 5 other theories behind his mysterious farewell
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 414.