It's Now or Never
It's Now or Never Singel av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. juli 1960 | |
Innspelt | 3. april 1960, RCA Studios, Nashville i Tennessee | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:15 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Eduardo Di Capua | |
Tekstforfattar | Aaron Schroeder, Wally Gold | |
Låtskrivar(ar) | Wally Gold, Aaron Schroeder, Eduardo di Capua | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Stuck on You»
(1960) |
It's Now or Never | «Are You Lonesome Tonight?»
(1960)
|
«It's Now or Never» er ein ballade spelt inn av Elvis Presley og publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley, i 1960. Det var ein av to populære songar basert på den italienske songen «'O Sole mio» (musikken av Eduardo di Capua). Den andre er «There's No Tomorrow», spelt inn av den amerikanske songaren Tony Martin i 1949, som var inspirasjon for Presley sin versjon. Teksten var skriven av Aaron Schroeder og Wally Gold. Singelen er den nest mestseljande singelen til Presley og ein av dei bestseljande singlane gjennom tidene.[1]
Seint i 1950-åra, medan han var stasjonert i Tyskland med U.S. Army, høyrde Presley innspelinga til Martin. I følgje The New York Times, som siterte frå boka Behind The Hits frå 1986, «fortalte han om ideen til musikkforleggjaren sin, Freddy Bienstock, som vitja han i Tyskland... Mr. Bienstock, som ofte fann låtskrivarar til Presley, drog attende til kontoret sitt i New York, der han fann låtskrivarane, [Aaron] Schroeder og Wally Gold, dei einaste som var på kontoret den dagen. Dei to skriv teksten på ein halvtime. Songen selde meir enn 20 millionar plater og gjekk til topps i mange land verda over og var den bestseljande singelen til Presley... ein song dei skreiv ferdig på 20-30 minutt til vart den største songen i karrieren deira.»[2]
I 1960 gjekk «It's Now or Never» til topps i USA, og låg på førsteplassen i fem veker. I Storbritannia låg han åtte veker på toppen i 1960 og nok ei veke i 2005, då singelen kom ut på ny. Han nådde òg toppen av listene i mange andre land, og selde i overkant av 25 millionar eksemplar verda over. Den britiske utgjevinga vart forseinka ei stund fordi ein måtte ordne opp i opphavsrettane først, og det vart eit stort førehandssal på singelen som gjorde at han gjekk rett inn på toppen av den britiske singellista, noko som var særs sjeldan på den tida. «It's Now or Never» nådde sjuandeplassen på R&B-lista.[3]
Ein konsertversjon i lag med «'O Sole mio» finst på konsertalbumet Elvis in Concert i 1977. «'O Sole mio» vart sungn av tenoren Sherrill Nielson.
Tidleg i 2005 vart songen gjeven ut på ny i lag med andre singlar av Presley i Storbritannia. Han gjekk då igjen til topps på UK Singles Chart den 5. februar 2005. Songen er òg nytta i miniserien Elvis.
Lister og salstrofé
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
Salstroféendre
|
Føregangar «Frøken Johansen og jeg» Inger Jacobsen |
Toppen av VG-lista Elvis Presley 6 veker, veke 49, 1960–veke 2, 1961 |
Etterfylgjar «Seemann, deine Heimat ist das Meer» Lolita |
John Schneider-versjonen
endreIt's Now or Never Singel av John Schneider frå albumet Now or Never | ||
B-side |
«Stay» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1981 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Scotti Brothers | |
Komponist | Eduardo Di Capua | |
Tekstforfattar | Aaron Schroeder, Wally Gold | |
John Schneider-kronologi | ||
It's Now or Never | «Them Good Ol' Boys Are Bad» (1981)
|
Den amerikanske countryartisten og skodespelaren John Schneider gav i 1981 ut ein versjon av songen som debutsingelen sin. Songen kom òg ut på debutalbumet hans, Now or Never. Schneider sin versjon nådde topp 5 på Billboard Hot Country Singles-lista og 14. plassen på Billboard Hot 100.
Lister
endreLister (1981) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Country Tracks | 7 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 5 |
U.S. Billboard Hot 100 | 14 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 4 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 5 |
Andre versjonar
endre- 1960: Rikki Henderson
- 1961: Bogusław Wyrobek
- 1961: Otto Brandenburg
- 1961: The Johnny Mann Singers
- 1962: Sharon
- 1963: Pat Boone
- 1966: Chuck Jackson
- 1967: Connie Smith
- 1970: Ross McManus
- 1972: Jimmy London
- 1972: David Anson and The London Pops Orchestra
- 1972: Eden Perry & The Nashville Pops Orchestra
- 1972: Vince Eager
- 1972: Bobby Hachey
- 1974: Eddy Smets
- 1975: Rupert
- 1975: Werner Müller and The London Festival Orchestra & Chorus
- 1976: Al Martino
- 1977: Country Road
- 1977: The Hiltonaires
- 1977: Lee Jackson
- 1977: Pekka Loukiala
- 1978: Ray Smith
- 1978: Salomon & Paradise
- 1978: Jimmy Ellis
- 1978: Jim «E» Curtin
- 1978: Johnny Farago
- 1979: Ral Donner
- 1980: Jerry Deewood
- 1981: John Schneider
- 1981: Danny Mirror & The Jordanaires
- 1982: Roger Whittaker
- 1983: R. Stevie Moore
- 1984: Eddie Youngblood
- 1985: Renée & Renato
- 1985: Renzo Arbore presenta New Pathetic «Elastic» Orchestra
- 1988: Đani Maršan
- 1988: Ty Tender & The Rockin' Fifties
- 1990: Paul McCartney
- 1991: Johnny Earl
- 1992: Peter Hofmann
- 1992: Wickströms
- 1994: Hubbas
- 1994: Lee Towers
- 1994: Wet Wet Wet
- 1995: Terrie Richards med The Harry Allen Quartet
- 1995: Andy Tielman
- 1996: Eilert Pilarm
- 1997: Carpe Wade
- 1997: Sammy «Sax» Mintzer
- 1997: Crazy Cracker's
- 1998: The Gracelands Chorale & Symphonette
- 2000: Andy Lee Lang and The Spirit
- 2000: Las Vegas Impersonators
- 2000: Men of Distinction
- 2000: Memphis King
- 2001: Colin Paul
- 2002: Aaron Sutcliffe
- 2002: João Suplicy
- 2002: Little Gerhard
- 2002: På Slaget 12 med baSix
- 2002: Lisa Bassenge Trio
- 2002: Jesper Lundgaard
- 2003: DI.DI.Sound med Ralph Ottavio
- 2003: Lady Elvis
- 2003: Zop Hopop
- 2005: Henry Smith
- 2005: Matt Lewis
- 2005: John Beardsley
- 2006: Wing
- 2007: Robert Gordon og Chris Spedding med The Jordanaires
- 2007: DJ Graceland med Las Vegas
- 2007: Juice A
- 2008: Tony Witt
- 2008: Ricky Norton
- 2008: Chad Garrett
- 2009: AcaPelvis
- 2009: Angel Corpus Christi
- 2010: Svenne Hedlund
- 2010: Friðrik Ómar
- 2011: Kevin Löhr
- 2011: Chris Isaak
- 2011: Henrik Åberg - Jack Baymoore
- 2012: Pascale Picard Band
- 2012: Alfie Boe
- 2012: Merrill Osmond
- 2013: Rachid Taha med Jeanne Added
- 2014: Amanda Lear
- 2014: Steven Chera
- 2015: Elvis Presley med The Royal Philharmonic Orchestra
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's Now or Never» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Collins, Ace (2005). Untold Gold: The Stories Behind Elvis's #1 Hits. Chicago Review Press. s. 155–162. ISBN 9781569765074.
- ↑ Martin, Douglas (6. desember 2009). «Aaron Schroeder, Writer of Hit Songs for Elvis Presley, Dies at 83». The New York Times.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468.
- ↑ Kent, David (2005). Australian Chart Book: 1940-1969: the Hit Songs and Records from Thirty Years of Specially Compiled Charts. Australian Chart Book Limited. Henta 4. mars 2013.
- ↑ "Ultratop.be – Elvis Presley – It's Now or Never" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ «Elvis Presley - It's Now or Never». Charts.de. Media Control. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ 7,0 7,1 "Dutchcharts.nl – Elvis Presley – It's Now or Never" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Elvis Presley – It's Now or Never". VG-lista. Hung Medien. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ "Presley?f=379&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Elvis Presley. Prometheus Global Media. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ «Elvis Presley - Awards». Allmusic. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ Joel Whitburn's top pop singles 1955-2006. Record Research. 8. januar 2008. Henta 3. mars 2013.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ "Lescharts.com – Elvis Presley – It's Now or Never" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 27. februar 2014.
- ↑ «The Irish Charts – Search charts». Irish Innspelt Music Association. 2008. To use, type «Now or Never» in the «Search by Song Title» search var and click search. Henta 4. mars 2013.
- [[#cite_ref-'"`UNIQ--ref-0000000E-QINU`"'_16-0|↑]] "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ "Swedishcharts.com – Elvis Presley – It's Now or Never". Topp 60. Hung Medien. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ «Billboard Top 50 - 1956». Billboard. Longbored Surfer. 1956. Arkivert frå originalen 28. januar 2013. Henta 4. mars 2013.
- ↑ «The CASH BOX Årslisters: 1960». Cash Box Magazine. 1960. Henta 4. mars 2013.
- ↑ The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
- «Elvis Presley» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 31. oktober 2016.
- «Kultalevyjen myöntämisrajat» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ 22,0 22,1 22,2 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2, illustrated utg.). Barrie & Jenkins. ISBN 0-214-20480-4.
- ↑ Ami Sedghi (4 November 2012). «UK's million-selling singles: the full list». The Guardian. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ «American single salstrofé – Elvis Presley – It's Now or Never». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH