Elvis Sings Flaming Star

Elvis Sings Flaming Star
Studioalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve October 1968 (promo), mars 1969 (generell utgjeving)
Innspelt Juni 1960 til oktober 1968
Sjanger rock, country
Lengd 20:30
Selskap RCA Camden
Elvis Presley-kronologi 
Speedway

(1968)

Elvis Sings Flaming Star Elvis (NBC TV Special)
(1968)


Singer Presents Elvis Synging Flaming Star and Others er det 33. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Records i stereo, PRS 279, i oktober 1968. Albumet var tilgjengeleg i fem månader i eit få utvalde butikkjeder med produkt frå Singer symaskinselskap som eit marknadsføringstriks i samband med det komande fjernsynsprogrammet som gjekk på NBC den jula. Singer var sponsor for programmet.[2] Det vart gjeve ut på ny for normalt sal som Elvis Sings Flaming Star i mars 1969, og vart det første billigalbumet til Elvis Presley på RCA Camden.[3] 1969-utgåva nådde 96. plassen på Billboard 200-lista.[4] Det selde til gullplate i USA 15. juli 1999, og platina den 6. januar 2004.[5]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Innhald endre

Alle songane på albumet var henta frå innspelinga for filmar Presley hadde spelt i, med unntak av «Tiger Man» frå julespesialen til Presley.[6] Innspelinga av Chuck Berry sin «Too Much Monkey Business» var ein oppvarming til innspelinga av filmsongar til Stay Away, Joe.[7] Utanom «Flaming Star», som var tittelsongen til Presley-filmen med same namn som hadde kome ut på Elvis by Request i februar 1961, var ingen av songane gjevne ut tidlegare.

«Texas»-medleyen og «All I Needed Was the Rain» var høvesvis med i filmane Viva Las Vegas (1964) og Stay Away, Joe (1967), medan «Wonderful World» vart nytta i opninga av Live a Little, Love a Little (1968). «Flaming Star» var berre ein av to songar som vart spelt inn i filmen. Konsertversjonen av «Tiger Man» vart opphavleg ikkje nytta i NBC-programmet, men erstatta «Blue Christmas» for reprisen av sendinga sommaren 1969. Dette var det første konsertopptaket til Elvis som vart gjeve ut kommersielt. Dei andre songane på albumet vart ikkje nytta i filmane dei vart spelte inn for.

Sidan albumet oppnådde ein viss suksess då det kom ut på ny i 1969, valde RCA å fortsettje å gje billigversjonar av Presley-musikk på etiketten Camden fram til 1972. Desse platene var gjerne kortare enn vanleg, med unytta filmmusikkinnspelingar og andre rekkefølgje på songane enn originalalbuma. Dette albumet vart gjeve ut på ny i 1975 på Pickwick Records, og igjen på CD av Sony Music Entertainment i 2006.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Flaming Star» (frå filmen Flaming Star)Sid Wayne og Sherman Edwards7. oktober 19602:25
2.«Wonderful World» (frå filmen Live a Little, Love a Little)Guy Fletcher og Doug Flett7. mars 19682:14
3.«Night Life» (frå filmen Viva Las Vegas)Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye9. juli 19631:53
4.«All I Needed Was the Rain» (frå filmen Stay Away, Joe)Sid Wayne og Ben Weisman1. oktober 19671:49
5.«Too Much Monkey Business»Chuck Berry15. januar 19682:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Yellow Rose of Texas» / «Eyes of Texas» (frå filmen Viva Las Vegas)Tradisjonell / Fred Wise og Randy Starr10. juli 19632:58
2.«She's A Machine» (frå filmen Easy Come, Easy Go)Fred Wise og Ben Weisman29. september 19661:39
3.«Do the Vega» (frå filmen Viva Las Vegas)Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye10. juli 19632:26
4.«Tiger Man» (from Singer NBC-TV Special)Lewis Burns, Al Lewis, Joe Hill Louis27. juni 19682:41

Lister endre

Album endre

Liste (1969) Plassering
Nederland[8] 4
VG-lista i Noreg 11
UK Albums Chart[9] 2

Salstrofé endre

Region Trofé Sal
USA (RIAA) Platina 1 000 000

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 245.
  3. Jorgensen, op. cit., s. 418-419.
  4. «Elvis Presley (awards)». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta 8. desember 2016. 
  5. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 8. desember 2016.  Merk: Søk på «Flaming Star»
  6. Jorgensen, op. cit., s. 229-230.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 137, 182, 223, 239, 243, 255.
  8. Dutch Charts - Elvis sings Flaming Star
  9. Official Charts - Elvis sings Flaming Star

Bakgrunnsstoff endre