Emergens er prosessar der eit komplekst mønster vert forma ut frå samspelet mellom enkle strukturar eller handlingar.

Ein 'katedral' laga av enkle termittar. Eit døme på emergens i naturen.

Ofte kan eit system som er enkelt på mikroskopisk nivå resultere i stor kompleksitet på makroskopisk nivå, og ein seier då at makroeigenskapane emergerer frå mikroeigenskapane. Eit døme er ein finansiell marknad, der avgjerder og handlingar frå særskilde aktørar følgjer eit veldefinert handlingsmønster. Dette resulterer i ei ikkje-triviell og uføreseieleg priskurve. Andre område der emergens har stor betydning er innan fyskaliske og biologiske system.

Ordbok Denne artikkelen inneheld berre ein ordboksdefinisjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å leggje inn meir innhald.