Emigrantkyrkja på Sletta
kyrkje på Sletta i Alver kommune
Emigrantkyrkja står på Sletta i Alver kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje som er flytt dit frå Brampton i Nord-Dakota i Sambandsstatane. Kyrkja heitte frå starten Brampton Lutheran Church og var reist av norske emigrantar på byrjinga av 1900-talet. Vestnorsk Utvandringssenter fekk kyrkja med inventar i gåve.
Emigrantkyrkja | |||
kyrkje | |||
Foto: B Ystebo | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Radøy | ||
Fellesråd | Radøy | ||
Type | Langkyrkje | ||
Innvigd | 1921 i Brampton[1]/ 6. juli 1997 på Sletta[2] | ||
• Endringar | Restaurert 1960 Flytt i 1996 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Diverse | Eigd av Vestnorsk Utvandringssenter | ||
Emigrantkyrkja på Sletta 60°41′04″N 5°03′05″E / 60.684442°N 5.051452°E | |||
Wikimedia Commons: The Emigrant Church, Sletta |
Kyrkja vart demontert og vyrket og inventaret frakta frå Nord-Dakota til Sletta der ho vart attreist ved dugnadsinnsats frå bygdefolket. Bispen i Bjørgvin vigsla kyrkja 6. juli 1997.
Kjelder
endre- Nettstaden til Vestnorsk Utvandringssenter Arkivert 2007-03-29 ved Wayback Machine.
- Om Emigrantkyrkja på nettstaden til Radøy sokn Arkivert 2008-06-25 ved Wayback Machine.
Fotnotar
endre- ↑ ««Emigrant kirken» på nettstaden disnorge.no». Vitja 29. mars 2009
- ↑ «Nettstaden til Vestnorsk Utvandringssenter». Vitja 29. mars 2009