Sletta på Radøy

bygd i Alver kommune i Vestland

Sletta er ein grunnkrins i Radøy kommune i Vestland fylke med omtrent 400 innbyggjarar. Køyretid frå Bergen med bil er på vel 50 minutt.

Sletta
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Radøy kommune
Kart
Sletta på Radøy
60°41′24″N 5°02′18″E / 60.69°N 5.03833°E / 60.69; 5.03833

Historikk endre

Grunnkrinsen Sletta var heilt fram til 1964 under Lindås kommune. Fram til då var Radøy delt opp i fleire småkommunar, og folk på Sletta måtte reise over Lurefjorden for å koma til deira kommunesenter. Dette blei det ei endring på etter 1964. Dette året gjekk alle småkommunane på øya saman (om vi ser bort frå den heilt sørlege delen av Radøy, som Lindås ikkje ville gje frå seg) og oppretta kommunen Radøy, slik vi ser han i dag. Dette medførte langt enklare og ikkje minst logisk veg til kommunesenteret på Manger.

Sletta i dag endre

I dag har Sletta omtrent 50 born som går på den lokale barneskulen i bygda.

Den største turistattraksjonen på Sletta er Vestnorsk utvandrarsenter, med Emigrantkyrkja som hovudbygg. Kyrkja blei flogen frå Amerika i 1996 og bygd opp att på rein dugnadsånd av bygdefolket. Seinare har senteret blitt utvida med både ei skulestove, ei nybyggjarstove, ein lærarbustad, eit kombinert fengsel og rådhus og eit legekontor. Alle bygningane er frå slutten av 1800-talet eller byrjinga av 1900-talet og er flytta til Radøy frå North Dakota og Minnesota.

Elles har Sletta hovudfotballbana på Radøy, der Radøy/Manger sitt A-lag spelar dei aller fleste heimekampane sine. Og i «Skogen Sletta», som er det lokale samfunnshuset, har det opp gjennom tida blitt arrangert ei rekke festar, spesielt på 80-talet var dette svært populært.

Det er fleire fine naturstigar rundt om i utmarka, og ein god del folk som brukar desse. Spesielt turen til Lometjørn er ein populær søndagstur for mange.