Nordhordland prosti

60°34′19″N 5°13′59″E / 60.57194°N 5.23306°E / 60.57194; 5.23306

Alversund kyrkje frå 1879.
Foto: B Ystebo

Nordhordland prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. Prosten har sete i Isdalstø (Alversund).

Gulen og Solund vart overført til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013[1], medan Osterøy vart overført frå prostiet til Åsane prosti i 2014.[2]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn endre

Det er 20 sokn i prostiet (2014).

Prestegjeld endre

Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nordhordland prosti desse prestegjelda:

Sjå òg endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre