Opna hovudmenyen

Karl Emil Jönsson (fødd 15. august 1985) er ein svensk tidlegare langrennar frå Årsunda i Gävleborgs län. Han var bestemann i sprinttevlingane i verdscupen i 2010, 2011, 2013 og vart nummer to i 2008 og tre i 2007. Elles vann han VM-sølv og -bronse i 2011 og 2013, samt to bronsemedaljar under Vinter-OL 2014. Jønsson spesialiserte seg i sprintøvingane. I ordinært langrenn makta han aldri å hevde seg internasjonalt.

Emil Jönsson
JOENSSON Emill Tour de Ski 2010.jpg
Fødd 15. august 1985
Sandviken i Sverige
Yrke langrennsløpar
Emil Jönsson på Commons

AktivEndra

Jönsson slo gjennom internasjonalt i Kuusamo i Finland i desember 2006. Etter å ha overraska med bestetid i sprint-prologen tok han seg heilt til finalen i tevlinga. Under Ski-VM 2007 i Sapporo vart han sjettemann i øvinga. Samanlagt kom han på tredjeplass i verdscupen 2007 i sprint. 26. januar 2008 vann Jönsson i kanadiske Canmore den fyrste av i alt 13 sigrar i individuelle renn i verdscupen. Størstedelen av 2008-sesongen låg han an til å vinne sprint-verdscupen, men enda på andreplass, to poeng bak nordmannen Ola Vigen Hattestad. Den 16. januar 2009 vann Jönsson eit verdscuprenn i fristil i Vancouver, i ein sesong der han vart sjuandemann totalt i sprintcupen.

OL-sesongen 2010 var Jönsson verdas beste sprint-langrennar. Han vann tre av renna i verdscupen og fekk verdscup-premien ved sesongslutt. Derimot lukkast han ikkje å ta seg til finale i dei olympiske vinterleikane. Også i 2011 vann han verdscupen i sprint og han toppa resultatlista i fire renn. I Ski-VM 2011 i Oslo tok han bronsen på sprinten, landsmannen Marcus Hellner vann tevlinga. Topprestasjonane til Jönsson kom sjeldnare vinteren 2012, men han vann sprinttevlinga i Lahti.

Skisesongen 2012/13 var Jönsson atter beste sprint-langrennaren i verda, etter han vann tre sprintrenn i fristil. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji kom han i mål til bronse både i den individuelle sprinttevlinga, bakom Ola Vigen Hattestad og Teodor Peterson, og i sprintstafetten der han gjekk i par med nettopp Peterson.

Jönsson, som er gift med Anna Haag, la opp i 2018.

KjelderEndra