Emil Løvlien

norsk politikar

Emil Løvlien (fødd 22. september 1899Løten, daud 4. juni 1973) var ein norsk arbeidar og politikar frå Løten i Hedmark. Han var formann i Norges Kommunistiske Parti frå 1946 til 1965, og den siste stortingsrepresentanten vald frå ei NKP-liste.

Emil Løvlien

Fødd22. september 1899
Løten kommune
Død4. juni 1973 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1918; 1923), Norges Kommunistiske Parti (1923)
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Liv og gjerning endre

Løvlien var yngste son til ein gardbrukar i Løten. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1918, ved partisplittinga i 1923 fylgde han Norges Kommunistiske Parti. Som skogsarbeidar var han i 1920-åra sentral i arbeidet med å organisere skogsarbeidarane i Hedmark.

Åra 1931-34 studerte Løvlien ved Kominterns Lenin-skule i Moskva.[1] Vel heimkomen vart han i 1934 vald til politisk sekretær i kommunistpartiet då ein landskonferanse gjorde fleire omrokkeringar i partileiinga. Då okkupasjonsmakta forbaud partiet 16. august 1940 vart han arrestert, men sett fri etter kort tid. I 1943 flykta han til Sverige grunna si rolle i motstandsarbeidet i Hedmark.

I 1945 var Løvlien ein av 11 NKP-kandidatar som vart vald inn på Stortinget. Året etter tok han over som partiformann. I kraft av leiarstillinga var han mellom dei fremste i partioppgjeret med Peder Furubotn i 1949. Same året fall han ut av Stortinget, til liks med dei andre NKP-kandidatane. Ved stortingsvalet hausten 1953 kom han inn som ein av tre representantantar for partiet. Han fekk som den einaste NKP-representanten fornya tillit i 1957, men tapte mandatet i 1961. Dette vart sett i samanheng med at det nye partiet Sosialistisk Folkeparti stilte komkurrenande liste i fem fylke. Hedmark var ikkje eitt av desse, men mange oppfatta det som om Løvliens mandat forsvann i "dragsuget" etter SF. Dette skapte nok ein del bitterheit mot det nye partiet og den fremste politikaren i SF, Finn Gustavsen.

Formann Løvlien stod i spissen for den såkalla «avstaliniseringa», men då NKP la om delar av programmet midt på 1960-tallet, tok Reidar T. Larsen over som partileiar. Løvlien var likevel medlem i sentralstyret til han døydde.

Kjelder endre

  1. Side 370.

Bakgrunnsstoff endre