Løten kommune
Løten er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen ligg mellom Hamar og Elverum. Namnet Løten kjem av norrønt Lautin. Ordet er ein kombinasjon av «Laut» og «vin». Laut tyder ei djupne i bakken og «vin» tyder eng. Namnet vart skrive «Løten» frå starten av 1800-talet.
Løten kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Løten | ||
Areal | 369,44 km² | ||
- land | 362,85 km² | ||
- vatn | 6,59 km² | ||
Folketal | 7 836 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Marte Larsen Tønseth (Sp) | ||
Kommunenr. | 3412 | ||
![]() Løten | |||
Wikimedia Commons: Løten | |||
Nettstad: www.loten.kommune.no | |||
Løten den av dei opphavlege tettstadane på Hedmarken som låg lengst aust. Området har vore ei gjennomfartsåre for trafikk mellom aust og vest i uminnelege tider. Det gamle kommunesenteret låg ved Løten kyrkje, som er frå 1200-talet. Då jarnbanen Grundsetbanen vart opna i 1862, vart Løten stasjon det nye senteret for handel og administrasjon.
Løiten Brænderi, som vart oppretta i 1855, har vore med å gjera Løten kjend. Akevitt-produksjonen vart overteke av Vinmonopolet i 1927, men råspritproduksjonen heldt fram til 1990-åra. Den tradisjonsrike Løiten-akevitten vert i dag produsert av Arcus Produkter.
Folk frå Løten Endra
- Edvard Munch (1863–1944), kunstmålar
- Elias Trætteberg (1864-1951), skulemann og politikar
- Laila Preikschas Nygjerdet (f. 1943), artist kjend som Cowboy-Laila
- Kjersti Bronken Senderud (f. 1971), forfattar, fødd på Hamar
Bilete Endra
-
Etter at Rørosbanen åpna, vart Løten ein stasjonsby.Foto: Cato Edvardsen
-
Løiten brenneri
-
Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk
-
Kyrkja på Løten.
Kjelder Endra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |