Emilie Adams
Emilie Adams (fødd i 1997 på Jørpeland)[1] er ein norsk elektropopsongar, låtskrivar og produsent som blei oppdaga på det norske tv-programmet The Stream i 2016.[2]
Emilie Adams | |||
| |||
Fødd | 1997 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | elektropop | ||
Verka som | musikar |
Etter å ha sunge i dei innleiande rundane i programmet, skreiv Adams kontrakt med Warner Music Norway i 2016.[3] Etter tv-konkurransen har ho sunge på låtar som «The One That Got Away» og «Our City» med den norske musikarduoen TRXD.[4] Den sistnemnde låten hadde per januar 2018 over 17 millionar strømmingar på Spotify.[5]
Adams skriv songar og hentar inspirasjon frå artister som Banks, Lorde, Lana Del Rey og Coldplay. Ho har teke del på VG-lista-tilstellingar på Rådhusplassen i Oslo sommaren 2017 og fleire gonger på P3-programmet Christine Live. Ho er ein av låtskrivarane bak «Light Me Up» som er med i Melodi Grand Prix 2018.[6]
Kjelder
endre- ↑ «Emilie Gaard Adams – 1 roller i norsk næringsliv». www.proff.no (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2018.
- ↑ AS, TV 2. «Emilie Adams (19) ute av The Stream: - Jeg er helt ærlig ikke så lei meg». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2018.
- ↑ «Emilie (19) fikk platekontrakt med Warner» (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2018.
- ↑ «Musikknyheter.no - Hør ny låt fra TRXD og Emilie Adams». www.musikknyheter.no. Henta 18. januar 2018.
- ↑ «Our City» (på engelsk). 6. januar 2017. Henta 18. januar 2018.
- ↑ NRK. «Her er artistene i MGP 2018». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2018.