Melodi Grand Prix 2018
Melodi Grand Prix 2018 var den 56. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tevlinga blei arrangert 10. mars 2018 i Oslo Spektrum, med Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen som programleiarar. Ti songar deltok, og som i 2017 blei vinnaren kåra av sjåarane saman med ti internasjonale jurygrupper. Vinnaren blei Alexander Rybak med «That’s How You Write a Song». Rybak skal representere Noreg i Eurovision Song Contest 2018 i Portugal i mai 2018.[1]
Melodi Grand Prix 2018 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 10. mars 2018 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Oslo Spektrum, Oslo | |||
Programleiarar | Kåre Magnus Bergh og Silya Nymoen | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 10 | |||
Vinnar | ||||
Song | «That’s How You Write a Song» | |||
Artist | Alexander Rybak | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2018 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Bakgrunn
endreSom tidlegare år inviterte NRK norske og utanlandske musikarar til til å sende inn songar til tevlinga. Denne gongen kom likevel invitasjonen rekordtidleg – allereie 31. januar 2017, halvannan månad før finalen av Melodi Grand Prix 2017. «Vi er i oppkøyringa til årets MGP-finale, men jobbar parallelt med å finne låtar og artistar til MGP 2018. Dette er ein del av ein langsiktig plan for at Noreg igjen skal vinne Eurovision Song Contest», sa prosjektleiar Stig Karlsen. Fristen for å sende bidrag vart sett til 10. september 2017. Då fristen gjekk ut, hadde NRK fått nærare 1200 melodiar, noko som var ny rekord for andre år på rad.[2]
Låtene blei vurdert og testa ut anonymisert på fleire lyttargrupper. Gruppene har vore vanlege sjåarar i forskjellige aldrar. Også flere av NRKs musikkredaksjonar har vore med på å velje ut finalelåtane.[3] NRK offentleggjorde finalistane under ei pressekonferanse på NRK Marienlyst måndag 15. januar 2018. Same dag blei låtane slepte for strøyming og sal.[4]
Deltakarar
endreNr. | Tittel | Artist | Låtskrivarar | Status |
---|---|---|---|---|
1 | «You Got Me» | Stella og Alexandra | Gustav Eurén, Niclas Arn, Stella Mwangi og Andreas Alfredsson | Gullfinale |
2 | «Talk to the Hand» | Aleksander Walmann | Joakim With Steen, Jonas McDonnell og Magnus Klausen | Gullfinale |
3 | «Scandilove» | Ida Maria | Ida Maria Børli Sivertsen og Stefan Törnby | Ute |
4 | «Light Me Up» | Nicoline | Nicoline Berg Kaasin, Johan Larsson og Emilie Adams | Ute |
5 | «I Like I Like I Like» | Tom Hugo | Tom Hugo Hermansen | Ute |
6 | «Stop the Music» | Charla K | Charla K, Per Gessle og Alex Shield | Ute |
7 | «Tengo Otra» | Alejandro Fuentes | Alejandro Fuentes, Angel Arce Pututi og Alejandro Pututi | Ute |
8 | «Moren din» | Vidar Villa | Vidar André Mohaugen, Jonas Thomassen og Martin Thomassen | Ute |
9 | «Who We Are» | Rebecca | Kjetil Mørland | Gullfinale |
10 | «That’s How You Write a Song» | Alexander Rybak | Alexander Rybak | Gullfinale |
Gullfinale
endreNr. | Tittel | Artist | Låtskrivarar | Status |
---|---|---|---|---|
1 | «You Got Me» | Stella og Alexandra | Gustav Eurén, Niclas Arn, Stella Mwangi og Andreas Alfredsson | Ute |
2 | «Talk to the Hand» | Aleksander Walmann | Joakim With Steen, Jonas McDonnell og Magnus Klausen | Ute |
9 | «Who We Are» | Rebecca | Kjetil Mørland | Gullduell |
10 | «That’s How You Write a Song» | Alexander Rybak | Alexander Rybak | Gullduell |
Gullduell
endreNr. | Tittel | Artist | Låtskrivarar | Status |
---|---|---|---|---|
9 | «Who We Are» | Rebecca | Kjetil Mørland | Andreplass |
10 | «That’s How You Write a Song» | Alexander Rybak | Alexander Rybak | Vinnar |
Røysting
endreFørste runde
endreI første runde røysta dei internasjonale juryane på bidraga med poeng frå 1–8, 10 og 12. Det var ti internasjonale juryar med fem medlemmar i kvar gruppe.[5] Totalt gav dei ti juryane 580 poeng, og tv-sjåarane hadde like mange poeng til fordeling. Sjåarane sine poeng blei gitt ut frå kor mange prosent kvar song fekk. Dersom eit bidrag fekk 10 prosent av SMS-røystene, fekk denne songen 10 prosent av sjåaranes 580 poeng – altså 58 poeng. Dei fire songane med flest poeng avanserte til gullfinalen. Berre juryane sine favoritter blei leste opp under røystinga, det fulle resultatet frå første runde blei ikkje offentliggjort.[5]
Nr. | Tittel | Frankrike | Russland | Tsjekkia | Danmark | Bulgaria | Estland | Makedonia | Israel | Sverige | Storbritannia |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | «You Got Me» | Frankrike | Storbritannia | ||||||||
2 | «Talk to the Hand» | Israel | |||||||||
3 | «Scandilove» | ||||||||||
4 | «Light Me Up» | ||||||||||
5 | «I Like I Like I Like» | ||||||||||
6 | «Stop the Music» | ||||||||||
7 | «Tengo Otra» | ||||||||||
8 | «Moren din» | ||||||||||
9 | «Who We Are» | Danmark | Bulgaria | Sverige | |||||||
10 | «That’s How You Write a Song» | Russland | Tsjekkia | Estland | Makedonia | ||||||
Talspersonar for juryane[6] | |||||||||||
Gullfinale
endreI gullfinalen var det norske sjåarar aleine som røysta. Etter ein kort reprise av songane, blei dei fire gullfinalistane sette opp i to par. Vinnarane frå kvart par møtte kvarandre deretter i ein gullduell.[5] Røystetala i gullfinalen og namna på dei internasjonale dommarane blei offentliggjorde på nrk.no etter finalen.[6][7]
Nr. | Tittel | Artist | Status |
---|---|---|---|
1 | «You Got Me» | Stella og Alexandra | Ute |
2 | «Talk to the Hand» | Aleksander Walmann | Ute |
9 | «Who We Are» | Rebecca | Gullduell |
10 | «That’s How You Write a Song» | Alexander Rybak | Gullduell |
Gullduell
endreNr. | Tittel | Artist | Røyster | Plass |
---|---|---|---|---|
9 | «Who We Are» | Rebecca | 2 | |
10 | «That’s How You Write a Song» | Alexander Rybak | 1 |
Hendingar
endreEtter to år valde Jan Fredrik Karlsen å trekkja seg som musikalsk leiar for Melodi Grand Prix, og i staden tok prosjektleiar Stig Karlsen over ansvaret.[8][9] Stig Karlsen fortalde NRK at dei internasjonale juryane kjem tilbake i 2018, og at han vil bruka ei eiga referansegruppe av interne og eksterne musikkfolk, Eurovision-fans og representantar frå publikum.[10]
Referansar
endre- ↑ «MGP 2018: Påmeldingen er i gang!
- ↑ Hyttebakk, Jon Marius (11. september 2017). «Ny påmeldingsrekord i MGP». NRK.no (på norsk). Henta 11. september 2017.
- ↑ Anders Martinius Tangen (10.november 2017). «escNorge» (på norsk). escNorge.net.
- ↑ Jon Marius Hyttebakk (15. januar 2018). «Her er artistene i MGP 2018» (på norsk). NRK.no. Henta 15. januar 2018.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Tangen, Anders Martinius. «Femti personer i den internasjonale juryen i MGP - escNorge» (på norsk bokmål).[daud lenkje]
- ↑ 6,0 6,1 Hyttebakk, Jon Marius (11. mars 2018). «Medlemmene i den internasjonale juryen». nrk.no (på norsk bokmål). Henta 11. mars 2018.
- ↑ NRK. «Melodi Grand Prix 2018». NRK (på norsk bokmål).
- ↑ «Jan Fredrik sluttar som MGP-general».
- ↑ «Karlsen gjev seg som MGP-general».
- ↑ «Karlsen gjev seg som MGP-general».