Emilie Margrethe Hovden (fødd 5. april 1996) er ein norsk handballspelar frå Bergen som sidan 2019 er aktiv i toppserie-klubben Storhamar. Kantspelaren til høgre på bana vart verdsmeister 2021 med Noregs landslag.

Emilie Hovden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1996 (28 år)
Bergen
Idrett handball

Karriere endre

Klubbspel endre

Hovden var aktiv i Fana IL til 2015. Sesongen 2015/16 spelte ho for det nyopprykte toppserielaget Molde HK. Deretter gjekk ho tilbake til Fana IL på nivå 2 i seriesystemet. Sesongen 2016/17 vart Hovden toppskåra i serien med 177 mål. I 2018 rykte Fana opp i toppserien. Sommaren 2019 flytta ho til seriekonkurrenten Storhamar, ein klubb som hevda seg i toppen av divisjonen. Med Storhamar tapte ho i desember 2019 NM-finalen mot IK Våg/Vipers.

Landslagsspel endre

Hovden fekk sin landslagsdebut 25. november 2021. Ho fekk så plass i troppa til verdsmeisterskapen 2021 i Spania. Hovden deltok i innleiingsrunda i turneringa, vart erstatta av Malin Aune i sluttspel-kampane. Per 1.1.2022 er Hovden bokført med 6 landskampar og 23 mål.

Merittar endre

Merittar landslag endre

  • VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
  • EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
  • VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike

Kjelder endre