Handball-NM 2019/Kvinner

Noregsmeisterskapen i handball 2019 for kvinner vart vunnen av Idrettsklubben Våg, som stilte under klengenamnet Vipers, etter finalesiger 29 – 26 over Storhamar Idrettslag frå Hamar.

Kvartfinalane

endre
  • IL Flint – Sola HK 30 – 26
  • Fana IL – Molde HK 26 – 28
  • Fredrikstad BK – IK Våg 27 – 34
  • Storhamar IL – Tertnes IL 42 – 32

Semifinalane

endre
  • IK Våg – Molde HK 28 – 23
  • Storhamar IL – IL Flint 27 – 24

Finalen

endre

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum sundag 29. desember framfor 4 000 tilskodarar. Storfavoritten Vipers tok styringa i kampen og leia 15 – 11 ved pause. I den andre omgangen, etter «noen sløve sluttminutter», reduserte Storhamar til 25 – 27. Nærare kom ikkje Hamar-laget, så Vipers rodde inn sigeren med 29 – 26.

For Vipers skåra Emilie Hegh Arntzen 8 mål, Heidi Løke 5, Henny Reistad 5, Silje Waade 4, Sunniva Andersen 3, Vilde Jonassen 2, Malin Aune 1, Marta Tomac 1. Andrea Austmo Pedersen var målvakt.

Storhamar sine skåringar kom frå Tonje Enkerud 6, Else Skinnehaugen 5, Mia Svele 4, Kristin Venn 4, Ellen Folkvord 3, Emilie Hovden 3, Linn Andresen 1.

Dommarane Sondre Liltved og Jørgen Jørstad straffa begge mannskapa med tre 2-minuttsutvisingar.

Kjelder

endre

handball.no