Caroline Emilie Mundt (22. august 184225. oktober 1922) var ein dansk målar. Ho skilde seg ut frå målarar på den tida ved at ho skildra kvardagsliv for fattige og scener frå barneheimar i bileta sine.

Emilie Mundt

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 22. august 1842
Sorø
Død

25. oktober 1922 (80 år)
Frederiksberg

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Far Carl Mundt
Emilie Mundt på Commons

Liv og virke

endre

Barndom

endre

Emilie Mundt heldt den fyrste delen av barndommen til på Sorø, der faren, Carl Emil Mundt, var professor ved Sorø Akademi. Faren var medlem av Den Grundlovgivende Rigsforsamling, og Emilie var vand til politiske diskusjonar heime. Ho blei tidleg politisk interessert. Då ho var tre år gammal, døydde mora, og faren flytta med borna til København. Emilie blei der skriven inn på N. Zahles skole. Skulen blei stifta av Natalie Zahle i 1851, og Emilie fekk, etter forholda på den tida, ei progressiv pedagogisk kvinneutdanning. Ho fekk ros av teiknelæraren for gode teiknedugleik, og etter avlagd eksamen som privatlærar i 1861, fortsette ho som teikne- og skrivelærar ved skulen.[1]

Kunstutdanning og utvikling

endre

Faren til Mundt døydde i 1873, og ho følte ho kunne velje meir fritt korleis ho skulle leve livet sitt. Ho bestemde seg for å vidareutdanne seg og bli målar. Ho studerte eit par månadar hos målaren Jørgen Roed, og kom deretter inn på målaren Vilhelm Kyhn sin teikne- og måleskule for kvinner. Der møtte ho Marie Luplau, som skulle bli livspartnaren hennar.[1]

I 1875–1876 var Mundt og Luplau elevar hos den norske målaren Eilif Peterssen i München, der dei fekk teikne etter levande modell. München hadde på den tida den første kunstnarkolonien av skandinaviske kvinner, som søkte dit med hovudmål å kunne studere og teikne den nakne menneskekroppen.[1]

I perioden 1882–1884 studerte Mundt og Luplau ved Académie Colarossi i Paris. Der blei dei kjende med den franske målaren Jules Bastien-Lepage, som var kjend for sine skildringar av kvardagslivet til folk. Han var ein framståande representant for naturalismen i målarkunsten, med stor detaljattgjeving, heilt ulikt impresjonistene.[2]

Kvinnesak

endre

Mundt tok til ein viss grad del i den kvinnepolitiske kampen, men var ikkje aktiv på same måte som partnaren Marie Luplau. I 1875 søkte ho og fem andre kvinnelege kunstnarar, med støtte frå Dansk Kvindeforening (DK), om å bli tekne opp som studentar ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Alle blei avviste, ikkje basert på kvaliteten på arbeida deira, men fordi institusjonen ikkje aksepterte kvinnelige studentar. Ei av årsakene var at studentane ved akademiet teikna etter nakne modellar.[3][1] Mundt og dei andre visste at kvinnelige søkjarar ikkje ville bli aksepterte. Søknadane deira var ei markering.

Gjennom 1870- og 1880-åra forsøkte Mundt og Luplau å forbedre utdanningssmoglegheitane for kvinnelege kunstnarar. Dei opna blant anna ein privat teikneskule for kvinner i sin eigen heim. Denne var i drift til 1913. På den tida hadde kunstakademiet opna for kvinnelege studentar (1888). Då «Kvindelige Kunstneres Samfund» blei stifta i 1916, var Mundt blant dei fyrste medlemmane.[1]

Familieliv som vaksen

endre

Mundt og Luplau var ikkje berre pionerar når det gjaldt kamp for rettane til kvinner. Dei var også pionerar når det gjaldt familieforhold. Dei budde saman, og i 1890 adopterte dei ei 7 månadar gammal jente som fekk namnet Carla Mundt-Luplau. Faren til Marie Luplau flytta inn til dei då han blei enkemann.[4] Han er avbilda på måleriet til Mundt Malerinde og barn i atelieret (1893).[4]

Kunst

endre

Etter tida i Paris målte Mundt fleire måleri som skildrar kvardagslivet til folk, slik Bastien-Lepage gjorde. Eit av dei mest kjende av målaria hennar er Fra Asylet i Istedgade frå 1886. Hennar skildring av livet i barneasyla (barnehagane) var noko nytt i tida, og dei viste ein kvinnepolitisk interesse for både arbeidarkvinnenes og barnas sak. Då asylbiletet blei stilt ut i Paris i 1891, blei det rosande omtalt i det franske kvinnetidsskriftet La Citoyenne.[1] Ho er særleg kjend for barneportretta sine, både i enkeltportrett og i dei store samleportretta, som i asylbiletet. Eit anna av hovudverka hennar, Efter hjemkomsten (1892–1893), blei kjøpt av Randers kunstmuseum i 1893.[5]

Mundt debuterte på Charlottenborgs Forårsudstilling i 1878, og var gjennom heile livet ein flittig utstillar.

Seint i livet fekk Mundt og Luplau kontakt med ein kvinneleg mesén, Inger Sørensen, som gjennom ei årrekkje kjøpte fleire av bileta deira.[6][7]

Galleri

endre

Ettermæle

endre

Mundt var på fleire måtar ein pionér, både når det gjaldt kunst og kvinnesak. Ho var ein sentral skikkelse i dei nettverka som oppstod rundt kvinnesak og kunstutdanning for kvinner mot slutten av 1800-talet.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Emilie Mundt, maler | lex.dk». Dansk Kvindebiografisk Leksikon (på dansk). 22. april 2023. Henta 8. mars 2024. 
  2. «Jules Bastien-Lepage». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023. Henta 3. mars 2024. 
  3. Inga Christensen, "Early 20th Century Danish Women Artists in Light of DeBeauvoir's The Second Sex" Woman's Art Journal 9(1)(Spring-Summer 1988): 10.
  4. 4,0 4,1 «Regnbuefamlie i 1800-tallet: To kvinder adopterede fælles barn | kobenhavnliv.dk». osterbroliv.dk (på dansk). 26. juli 2021. Henta 9. mars 2024. 
  5. «Torsdagsdialogerne på Randers Kunstmuseum starter en ny sæson». DET SKER (på dansk). Henta 9. mars 2024. 
  6. Bruselius, Lis (22. april 2023). «Dansk Kvindebiografisk Leksikon : Marie Luplau». Henta 2. mars 2024. 
  7. «Mundt & Luplau: Kunstner og menneske». kunsten.nu - Online magasin og kalender for billedkunst (på dansk). Henta 9. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • «5. Emilie Mundt». De danske malerne (på norsk bokmål). 13. juni 2023. Henta 9. mars 2024.  Dansk TV-serie