Henriette Marie Antonette Luplau (7. desember 184816. august 1925) var ein dansk målar, kvinnesaksforkjempar og skribent. I perioden 1886–1913 fungerte ho også som pedagog, då ho leia ein kunstskule for kvinner i København saman med partnaren sin, kunstnaren Emilie Mundt.[1] Luplau skreiv artiklar og bøker om forhold som gjaldt stillinga til kvinner i samfunnet.

Marie Luplau

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 7. desember 1848
Hillerød
Død

16. august 1925 (76 år)
Frederiksberg

Yrke kunstmålar, pedagog, skribent, kvinnesaksforkjemper
Mor Line Luplau
Marie Luplau på Commons

Tidleg liv og utdanning

endre

Marie Luplau blei fødd i HillerødJylland. Ho var dotter av Daniel Carl Erhard Luplau, ein skulestyrar og seinare landsbypastor, og Line Luplau, ein feministisk avisutgjevar og suffragette. Frå 1866 budde familien i Varde.[2]

Frå omkring 1873 studerte Luplau kunst hos Vilhelm Kyhn på Tegneskolen for Kvinder. Kyhn var ein av få kunstnarar i København som var viljug til å ta imot kvinnelege studentar.[3]

Frå mora hadde Luplau ei sterk interesse for kvinnespørsmål, og ho var aktiv i kampen for røysterett og tilgang for kvinner til kunstakademiet.[2] I 1875 søkte ho og fem andre kvinnelege kunstnarar, med støtte frå Dansk Kvindeforening (DK), om å bli tekne opp som studentar ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Alle blei avviste, ikkje basert på kvaliteten på arbeida deira, men fordi institusjonen ikkje aksepterte kvinnelege studentar. Ei av årsakene var at studentane ved akademiet teikna etter nakne modellar.[4][5] Luplau og dei andre visste at kvinnelige søkjarar ikkje ville bli aksepterte. Søknadane deira var ei markering.

I 1875–1876 var Luplau og Emilie Mundt elevar hos den norske målaren Eilif Peterssen i München, der dei fekk teikne etter levande modeller. München hadde på den tida den fyrste kunstnarkolonien av skandinaviske kvinner, som søkte dit med hovudmål å kunne studere og teikne den nakne menneskekroppen.[5]

I perioden 1882–1884 studerte Mundt og Luplau ved Académie Colarossi i Paris. Der blei dei kjende med den franske målaren Jules Bastien-Lepage, som var kjend for sine skildringar av folks kvardagsliv. Han var ein framståande representant for naturalismen i målarkunsten, med stor attgjeving, heilt ulikt impresjonistane.[6]

Karriere

endre

I München hadde historiemåleriet gjennomgått ei nyorientering både i symbolinnhald, motiv og i måleteknikk. Luplau lærte seg teknikken, som var vesensforskjellig frå den danske «gullaldertradisjonen» og, som mange av dei andre skandinaviske kunstnarane, søkte ho seg mot realismen.[5] Ho er også omtalt som ein nasjonalromantisk landskapsmålar.[5]

Luplau utvikla seg som ein sjølvstendig landskapsmålar, med store komposisjonar, og var fleire gongar i Bretagne med Mundt, for å måle naturen og folket der.[5] Luplau var truleg den fyrste kvinnelege friluftsmålaren i Danmark, med landskapsmotiv frå Vestjylland, Sjælland, Tåsinge – og Bretagne.[2]

I 1878 debuterte Luplau på Charlottenborg Forårsudstilling. Ho stilte ut ved fleire utstillingar, og i 1891 var ho og Mundt representert på ei utstilling i Paris.[5]

Seint i livet fekk Luplau og Mundt kontakt med ein kvinneleg mesén, Inger Sørensen, som gjennom ei årrekkje kjøpte fleire av bileta deira.[5][7]

Galleri

endre

Då dei kom tilbake frå München grunnla Marie Luplau og Emilie Mundt ein kunstskule i heimen sin i København. Skulen skulle førebu kvinner på opptak til Kunstakademiet, då dei opna for kvinnelege studentar i 1888. Kunstskulen til Luplau og Mundt eksisterte fram til 1913. Blant elevane deira var Emilie Demant Hatt, Astrid Valborg Holm og Olivia Holm-Møller.

Kvinnesak

endre
 
Fra kvindevalgretskampens første dage (1891–1897). I sentrum: Line Luplau, mora til kunstnaren.

Luplau var ein flittig skribent i aviser og tidsskrift. På same måte som si mor var ho oppteken av den manglande røysteretten til kvinner. Ho skreiv også om kvinnehelse, syklar og reformdrakter.[8]

I perioden 1891–1897 måla Luplau det store gruppebiletet som kom til å bli hennar mest kjende måleri: Fra Kvindevalgretskampens første dage, som viste mora i sentrum av biletet og fleire gjenkjennbare personar i gruppa rundt. Etter grunnlovsendringa i 1915, som gav kvinner røysterett, blei biletet hengt opp i Folketinget i 1917. Måleriet skildrar den politiske kvinna, og skil seg dimed frå den meir sanselege framstillinga av kvinner som var vanleg i kunst på den tida.[5]

Luplau var medlem av Dansk Kvindesamfund (DK) frå 1870-åra, og i 1897 blei ho leiar for DK sin København-krins.

Privatliv

endre
 
Frå venstre: Marie Luplau, Emilie Mundt, Clara Mundt-Luplau (ca. 1907, i følgje DKL)

Marie Luplau møtte Emilie Mundt da dei begge var elevar av Vilhelm Kyhn. Dei budde og arbeidde saman til Mundt døydde i 1922. I 1890[9] adopterte paret ei 7 månadar gammal jente som fekk namnet Carla Mundt-Luplau.

Luplau døydde i 1925, 76 år gammal, tre år etter at Mundt døydde i 1922. Dei er gravlagde på Solbjerg Park kirkegård i København.

Ettermæle

endre

KØN Gender Museum Denmark (tidlegare Kvindemuseet i Danmark) i Aarhus var vertskap for ei visning av verka til Luplau og Mundt i 2007.[10]

I 2022 viste museet Den Hirschsprungske samling utstillinga MARIE ❤ EMILIE. Queering the Collection.[11]

Kjelder

endre
  1. «Luplau, Henriette Marie Antonette». Henta 1. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Veiteberg, Jorunn (2002). Når kvinder fortæller : kvindelige malere i Norden 1880–1900. Kunstforeningen. s. 26, 145–146. ISBN 8774410938. 
  3. Barbara Sjoholm, "What We Want: The Art of Marie Luplau and Emilie Mundt" Feminist Studies 35(3)(Fall 2009): 549-572.
  4. Inga Christensen, "Early 20th Century Danish Women Artists in Light of DeBeauvoir's The Second Sex" Woman's Art Journal 9(1)(Spring-Summer 1988): 10.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Bruselius, Lis (22. april 2023). «Dansk Kvindebiografisk Leksikon : Marie Luplau». Henta 2. mars 2024. 
  6. «Jules Bastien-Lepage». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023. Henta 3. mars 2024. 
  7. «Mundt & Luplau: Kunstner og menneske». kunsten.nu - Online magasin og kalender for billedkunst (på dansk). Henta 9. mars 2024. 
  8. Marianne Thesander, The Feminine Ideal (Reaktion Books 1997): 102. ISBN 9781861890047
  9. Talet for adopsjonen varierer frå kjelde til kjelde. I Dansk Kvindebiografisk Leksikon er det oppgitt til 1891
  10. "Symbiose af liv og kunst" Kvindemuseet Denmark, August 30-December 30, 2007.
  11. «MARIE ❤ EMILIE. Queering the Collection - Den Hirschsprungske Samling». www.hirschsprung.dk. Henta 3. mars 2024.