Emmanuel Levinas
Emmanuel Levinas (i nokre tilfelle skrive Lévinas) (12. januar 1906–25. desember 1995) var ein franskspråkleg filosof, fødd i noverande Kaunas i Litauen (då Kovno i Det russiske imperiet) til jødiske foreldre. Levinas er kjent for ei etisk tenking i tilknyting til fenomenologien, både Hegel og Husserl sine variantar. Levinas hevda at etikken er meir grunnleggjande enn ontologien, og foreslo å erstatte Heideggers fundamentalontologi med fundamentaletikk. Filosofien hans hadde stor innverknad på Derrida.
Emmanuel Levinas | |
Statsborgarskap | Frankrike, Litauen |
Fødd | 12. januar 1906 Kaunas |
Død |
25. desember 1995 (89 år) |
Yrke | filosof, universitetslærar, etiker, skribent |
Språk | fransk |
Medlem av | Academia Europaea |
Emmanuel Levinas på Commons |
Levinas studerte i Strasbourg, i Freiburg under Husserl og Heidegger og i Paris. Han var professor i Sorbonne frå 1973 til han pensjonerte seg i 1979.
Bakgrunnsstoff
endre- Emmanuel Levinas (1996). Den Annens humanisme. Oslo: Aschehoug. ISBN 8203202233. [Omsett av Asbjørn Aarnes]
- Asbjørn Aarnes, red. (1998). Underveis mot den annen : essays av og om Levinas : debatt. Oslo: Vidarforlaget. ISBN 8290016808.
- Hans Kolstad, Hall Bjørnstad, Asbjørn Aarnes, red. (1995). I sporet av det uendelige : en debattbok om Emmanuel Levinas. Oslo: Aschehoug. ISBN 8203175376.