Opna hovudmenyen

Jacques Derrida (15. juli 19308. oktober 2004) var ein algeriskfødd fransk-jødisk litteraturkritikar og filosof som blir rekna som den første til å utvikle den dekonstruksjonistiske filosofien etter at denne idéen kom fram i verket til Martin Heidegger.

Jacques Derrida
Derrida-by-Pablo-Secca.jpg
Fødd 15. juli 1930
El Biar
Død

9. oktober 2004
Paris

Yrke filosof, litteraturkritikar, universitetslærar, skribent
Jacques Derrida på Commons

Innhaldsliste

Plassering av tankesystemet åt DerridaEndra

Derrida hadde vesentleg innflytnad på kontinental filosofi og på litteraturteori, særleg gjennom det livslange sambandet sitt med litteraturkritikaren Paul de Man — sjølv om bruken av dekonstruksjon i litteraturkritikk ikkje er universelt godteke som foreinleg med Derrida sitt verk.

Verket hans blir ofte sett i samband med poststrukturalisme og postmodernisme, men det sistnemnde sambandet er ikkje fullt ut stadfestande. Det er heller Jean-François Lyotard som utgjer det nærmaste sambandet mellom dekonstruksjon og postmodernisme og som føreslår filosofiske aspekt av postmodernismen — som Derrida bruka først og fremst i lange dialogar som ikkje er grunnlag for å vise noko enkelt hopehav mellom verka deira — sjå t.d. Derridas «Writing Proofs» og Lyotards «Translator’s Notes» i Pli, v. 6. Endatil «innanfor» dekonstruksjonen har personar som Philippe Lacoue-Labarthe karakterisert seg sjølve som modernistiske snarare enn postmodernistiske av legning.

Dekonstruksjon i følgje DerridaEndra

Derrida forklarte i «Letter to a Japanese Friend» (Derrida and Differance, red. Robert Bernasconi and David Wood) at ordet «déconstruction» var eit forsøk på å omsetje Heidegger sine termar «Destruktion» og «Abbau» ved hjelp av eit fransk ord. Dei ulike tydingane av omgrepa gjorde at han samtidig kunne nytte ordet til sine eigne føremål og leggje ny meining i dei.

Dekonstruksjon er tett knytt til den vestlege filosofiske tradisjonen. Likevel er omgrepet òg relevant i høve til disiplinar som arbeider med dei same emna, slik som lingvistikk og antropologi (kalla «menneskevitskapane» i Frankrike). Ei viktig side ved Derrida sitt arbeid var studiane av det filosofiske grunnlaget for antropologien. Han såg då både på dei konseptuelle og dei historiske sidene ved spørsmålet, og peika på korleis faget, medvite eller ikkje, kviler på filosofiske argument. Edmund Husserl, Sigmund Freud og Martin Heidegger var blant dei fremste inspirasjonskjeldene hans.

  Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå engelsk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!


Derrida som fransk filosofEndra

I tillegg til de Man og Lyotard, kan ein av tenkjarar i samtida hans nemne Michel Foucault, Louis Althusser, Emmanuel Levinas, Maurice Blanchot, Gilles Deleuze, Jean-Luc Nancy, Philippe Lacoue-Labarthe, Sarah Kofman, Hélène Cixous, Bernard Stiegler og Geoffrey Bennington. Fleire av desse var òg personlege vener av Derrida, og faglege likesinna.


Tekstar tilgjengelege på InternettEndra

BibliografiEndra

The most complete bibliography available online can be found at this site. The compilation, copyrighted by Peter Krapp, is still in progress, but all major works are listed, sorted by title or by year of publication.

Utvalde verk av DerridaEndra

(sjå Jacques Derrida-bibliografi)

Verk om DerridaEndra

*referenced above -->

Verk av andre som det blir vist til ovanforEndra

  • Heidegger, Martin: Being and Time
  • «Only a God Can Save Us» (Der Spiegel interview), in Philosophical and Political Writings, Martin Heidegger, ed. Manfred Stassen

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra