Encomium Emmae Reginae

Encomium Emmae Reginae[1] eller Gesta Cnutonis Regis er ein lovtale på latin til ære for dronning Emma av Normandie. Verket vart skrive i 1041 eller 1042, truleg av ein munk i klosteret i Saint-Omer (den gongen i Flandern).

Dronning Emma tek i mot Encomium Emmae Reginae frå forfattaren (the Encomiast) som kneler framfor henne.
Personane bakerst til høgre, skal truleg vere sønene hennar; Hardeknut og Edvard (Vedkjennaren).
Illustrasjonen er frå eit manuskript i British Library (Add. 33241) datert til slutten av 1000-talet.

Datering og bakgrunn

endre

Etter at kong Knut den store døydde i 1035, vart det ein politisk uroleg situasjon i England. Minst fire personar gjorde krav på å bli ny konge; Harold Harefot, kong Knut sin son med Æfgylfu av Northampton, Hardeknut, son til kong Knut og Emma av Normandie, Edvard og Albert, begge sønene etter Ethelred II og dronning Emma. Den norske kongen Magnus den gode var òg ein reell tronpretendent[Note 1], etter at Hardeknut døydde.

Den angelsaksiske krønika melder for året 1037[2] at dronning Emma vart forvist og at ho reiste til Bruges i Flandern. Ho arbeidde sterkt for at sonen hennar, Hardeknut skulle bli konge (noko han òg vart i 1040). Truleg var det på denne bakgrunnen at ho bestilte verket som blir kalla Encomium Emmae Reginae eller Gesta Cnutonis Regis. Det er utforma som ein lovtale til dronning Emma, men fungerte truleg òg som politisk propaganda for å påvirke situasjonen etter at kong Knut døydde (M.K.Lawson «Cnut» s.55). Ein reknar med at verket vart skrive i 1041 eller 1042, nokså sikkert før Hardeknut døydde i juni 1042[3] .

Forfattaren

endre

Vi kjenner ikkje namnet på han som skreiv Encomium. Han er oftast omtala som "the Encomiast" og var truleg ein flamsk munk då han har identifisert seg sjølv i teksten som ein munk frå Saint-Bertin eller Saint-Omer i dåverande Flandern. Han nemner at han gjorde arbeidet etter ønske frå dronning Emma og vigde boka heilt til hennar ros, «den edlaste av alle kvinner». Han nemner òg at han hadde møtt kong Knut som hadde vore på vitjing i klosteret hans.

Innhald

endre

Encomium startar med ein INCIPIT PROLOGUS og eit ARGUMENTUM, og er deretter delt i tre «bøker»:

  • Den første handlar om kong Svein Tjugeskjegg og hans erobring av England.
  • Den andre fortel om sonen hans, kong Knut den store, om erobringa av England, hans giftarmål med Emma av Normandie, og hans regjeringstid.
  • Den tredje fortel om hendingar etter at kong Knut døydde, om dronning Emma sin lagnad etter at Harold Harefot vart konge og om korleis sønene hennar, Hardeknut og Edward (vedkjennaren), til sist fekk styringa med England [Note 2]

Det er stor semje om at Encomium er eit einsidig og selektivt arbeid og at det tenderer til å skildre dronning Emma og kong Knut i eit så gunstig lys som mogeleg. Mellom anna blir hennar første ekteskap med kong Ethelred ikkje nemnt.

I verket får vi opplysningar om to av kong Knut sine skandinaviske hovdingar, Eirik Håkonsson jarl (Eric) og Torkjell Høge (Turchil eller Thurkil), som vi ikkje finn i andre norrøne kjelder.

Trass i feil og manglar med verket, er Encomium ei særs viktig kjelde til engelsk og skandinavisk histore for det ellevte hundreåret.

 
Courtenaykompendiet er eit engelsk dekorert manuskript på pergament som inneheld historisk viktige tekstar frå England, Nære-Austen og Fjerne Austen, mellom andre Encomium Emmae Reginae og reisene til Marco Polo.

Dei eldste kjeldene

endre

Det eldste kjende manuskriptet som inneheld Encomium Emmae Reginae, er oppbevart hos British Library (Additional MS 33241)[4]. Manuskriptet er på 67 pergamentblad og skriv seg truleg frå slutten av 1000-talet.

Nokre seinare manuskript på papir finst hos National Library of Wales og hos British Museum, og Bibliotheque Nationale har eit manuskript på pergament, truleg frå det sekstande hundreåret.

I 2008 vart det funne ei samling med medelaldermanuskript, kalla Courtenaykompendiet[5] som er blitt datert til 1300-talet. Manuskriptet er oppbevart hos Det Kongelige Bibliotek i Købehavn og inneheld mellom anna Reisene til Marco Polo og Encomium Emmae Reginae.

Notar

endre
  1. Soga om Magnus den gode: kong Magnus og kong Hardeknut hadde gjort ein fredsavtale, slik at den av dei som levde lengst skulle arve land og folk.
  2. Harold Harefot var konge i tida 1035-1040. Hardeknut (Knutsson) var konge i tida 1040-1042. Edvard Vedkjennaren var konge i tida 1042-1066.

Referansar

endre
  1. Encomium Emmae Reginae ved Alistair Campbell (London 1949) - latin og engelsk tekst
  2. The Anglo-Saxon Chronicle Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine. Året 1037: then came she to Bruges, beyond sea.
  3. The Anglo-Saxon Chronicle Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine. Året 1042: kong Hardeknut døydde the sixth day before the ides of June
  4. GESTA CNUTONIS British Library Add MS 33241
  5. Courtenaykompendiet Det Kongelige Bibliotek i Danmark

Bakgrunnsstoff

endre