Det endokrine systemet

kjertelsystem
(Omdirigert frå Endokrine kjertlar)

Det endokrine systemet styrer hormonproduksjonen i kroppen, og omfattar mellom anna kjertlar og vev i hjernen (hypofysen og epifysen), i halsen (skjoldbruskkjertelen), i magen (nyrer og bukspyttkjertel) og i underlivet (eggstokkar og testiklar). Systemet blir også kalla Det indresekretoriske systemet.

Dei viktigaste endokrine kjertlane i mann til venstre og kvinne til høgre.) 1. Epifysen 2. Hypofysen 3. Skjoldbruskkjertelen 4. Thymus 5. Binyrene 6. Bukspyttkjertelen 7. Eggstokkane 8. Testiklane

Det endokrine systemet er eit av dei to indre kommunikasjonssystema i kroppen, saman med nervesystemet. Dei to blir bundne saman av den delen av hjernen som blir kalla hypothalamus. I hypofysen, også i hjernen, blir det danna fleire hormon som verkar på ulike hormonproduserande kjertlar, ofte for å stimulera hormonproduksjonen i desse kjertlane.

Ved hjelp av slike endokrine kjertlar blir det danna hormon som så blir sende med blodet til alle delar av kroppen. Slik blir det sendt informasjon til dei ulike cellene i kroppen slik at dei heile tida kan tilpassa sitt aktivitetsnivå til kva kroppen treng.

Kjelder

endre
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.