Engene kyrkje (Engene kirke) er ei langkyrkje i Arendal kommune i Agder.

Engene kyrkje
Engene kirke
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Arendal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Arendal
Sokn Øyestad
Fellesråd Arendal
Type Langkyrkje
Arkitekt Wilhelm Hanstein
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1849 og 1882
 - Endringar Flytta i 1882, rest. 1990
Klokker 2, O. Olsen & Søn, 1881
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1849
Altartavle Ramme truleg 1864 frå Grimstad; bilete måla av Leonard Rickhard d.e. 1937
Orgel E.F. Walcker, 1959
Sitjeplassar 480
Kart
Engene kyrkje
58°24′06″N 8°41′35″E / 58.40171°N 8.69299°E / 58.40171; 8.69299
Wikimedia Commons: Engene kirke

Kyrkja vart opphavleg oppført som ny kyrkje for byen Grimstad i 1846–49. Byggmeister den gongen var Hans Henrik Struck. Kyrkja vart snart for lita, og i 1881 vart ho flytta til Nedenes av Christian Andersen og gjenoppført som Nedenesengenes kapell, med vigsling i 1882. I dag er namnet Engene kyrkje.

Kyrkja vert iblant kalla det første sveitserhusetSørlandet. Det er ei langkyrkje, sjølv om fire trappehus kan få ein til å tru at ein har med ei slags krosskyrkje å gjere. Kyrkja vart finansiert av reiarane i området og var i privat eige til 1940. Ho vart restaurert og fekk att interiørfarger som skal vere nær opp til det opphavlege, i 1990.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Slik såg kyrkja ut då ho stod i Grimstad.
Foto: Ukjent/Kulturminnebilder.no