Engevik Gaard
Engevik Gaard er ein offisergard frå 1700-talet som ligg ved Sævareidfjorden i Bjørnafjorden kommune. Anlegget har ni bygningar, og hovudbygningen frå 1770 er sentralt plassert.
Engevik vart kjøpt av majoren Christian Wilhelm Segelcke på 1720-talet. Garden fungerte som embetsgard og militær sjefsgard i over 100 år for Søndre Bergenhus Infanteriregiment. I dag er garden eigd av eigarar i åttande generasjon og det er framleis drift med hald av sauer og storfe.[1] Det er tilbode omvising på garden, og det vert servert lokale retter. I eldhuset kan besøkjande oppleva baking og baka potetkaker.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Engevik Gaard». Fusa kommune. Henta 3. september 2013.
- ↑ «Engevik Gaard». olavsrosa.no. Henta 3. september 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- engevik-gaard.no Arkivert 2014-12-17 ved Wayback Machine. - Offisiell heimeside