English Coast er den delen av kysten av Antarktis mellom nordenden av Rydberg Peninsula og Buttress Nunataks, på vestsida av Palmer Land. Lenger vest ligg Bryan Coast, og i nord går Rymill Coast aust for Alexander Island over George VI Sound. Denne kysten vart oppdaga og utforska i 1940 av Finn Ronne og Carl R. Eklund og frå lufta av andre medlemmar av East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41. Han vart opphavleg kalla «Robert English Coast» etter kaptein Robert A.J. English frå US Navy, administrasjonssekretær for USAS, 1939–41, og tidlegare kaptein på «Bear of Oakland» under Byrd-ekspedisjonen, 1933–35. Namnet vart sidan gjort kortare.[1]

English Coast
landområde
Land  Antarktis
Kart
English Coast
73°30′S 73°00′W / 73.5°S 73°W / -73.5; -73
English Coast is located in Antarktis
English Coast
English Coast (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «English Coast». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «English Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).


73°30′S 73°0′W / 73.500°S 73.000°W / -73.500; -73.000