Carl R. Eklund
Carl R. Eklund (27. januar 1909–3. november 1971) var ein amerikansk spesialist i ornitologi og geografisk utforsking av både nordlege og sørlege polarområde.
Carl R. Eklund | |||
| |||
Fødd | 27. januar 1909 Tomahawk | ||
---|---|---|---|
Død | 3. november 1962 Philadelphia | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | oppdagar, zoolog, ornitolog, geolog, geograf | ||
Alma mater | Carleton College University of Wisconsin–Madison |
Frå 1939-1941 tente han som ornitolog ved East Base i U.S. Antarctic Service. Dette var den første moderne amerikanske statsstøtta ekspedisjonen til Antarktis, og den tredje ekspedisjonen som kontreadmiral Richard E. Byrd kommanderte i Antarktis. I tillegg til å samle inn dyr for staten gjennomførte Eklund ei av dei lengste hundesledeturane i Antarktis nokon gong, i lag med norskamerikanaren Finn Rønne. Øyane som vart oppdaga ved vendepunktet for denne reisa vart kalla Eklund Islands.
Han vart utpeikt som den første vitskaplege leiaren ved Wilkes Station i Antarktis.
Han tok doktorgraden i zoologi og geografi ved University of Maryland, og hadde batchelorgrad frå Carlton College.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carl R. Eklund» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Siple, P. «Obituary» (PDF).