Enid Blyton

britisk skribent

Enid Mary Blyton (11. august 189728. november 1968) var ein engelsk barnebokforfattar, mellom anna kjent for forteljingane om Noddy og for dei 21 bøkene i Fem-serien. I alt skal ho ha skrive meir enn 700 barnebøker og 10 000 noveller.[1]

Enid Blyton
Pseudonym Enid Blyton
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 11. august 1897
London, East Dulwich
Død

28. november 1968 (71 år)
London, Hampstead

Yrke skribent, romanforfattar, lyrikar, skolelærer, barnebokforfattar, manusforfattar, lærar
Språk engelsk
Sjanger barnelitteratur
Ektefelle Hugh Alexander Pollock, Kenneth Fraser Darrell Waters
Born Gillian Baverstock, Imogen Smallwood
Enid Blyton på Commons

Blyton var fødd i East Dulwich og voks opp i Forstads-London, med ein far som forlét familien då ho var i tenåra. Usemje med mora gjorde at Enid sjølv flytta ut kort tid etter.[1] Ho var ein dyktig pianist som ung, med avbraut musikkutdanninga for å ta lærarutdanning.

Ho gifta seg i 1924 med Hugh Alexander Pollock (1888–1971), som arbeidde i forlaget hennar. I 1943 gifta ho seg på nytt, med legen Kenneth Fraser Darrell Waters, som ho hadde hatt eit forhold til i to år. Ho blei enke i 1967. Kort tid etter utvikla ho Alzheimers sjukdom, og døydde i pleieheim året etter. Ho hadde to døtrer med den fyrste ektemannen sin. Imogen Blyton skreiv seinare ein biografi om mora.

Forfattarskap

endre

Ho debuterte i 1922 med barnediktsamlinga Child Whispers, og etablerte seg raskt som ein effektiv bidragsytar til ulike magasin og tidsskrift. I den fyrste delen av forfattarskapet handla verka hennar ofte om alvar, feer og liknande eventyrfigurar.

Forfattarskapet omfattar mange sjangrar: attforteljingar, fagbøker og forteljingar. Forteljingane kan grupperast i tre grupper etter miljøa sine: light fantasy med alvar og feer, kostskule-forteljingar og barnedetektiv- og eventyrfortelljngar. Dei mest kjente bøkene i fantasysjangeren er The Faraway Tree-serien på fire bøker (1939–1951).[2] Blant kostskulebøkene er mange lagt til Malory Towers eller til St Clare's.

Bøkene hennar om barnedetektivar og barn på spennande eventyr er samla i seriar som Fem-serien, De fem detektivene, Det hemmelige S og Eventyrbøkene.[3]

Den fyrste av dei 24 bøkene om Noddy kom ut i 1949. Noddy er ein trefigur som bur i Lekeland, saman med eventyrfigurar og antropomorfe dyr. Det er laga fleire seriar med barne-tv-program om Noddy, den fyrste allereie i 1955.

Fjernsynsfilmen Enid (2009) var ei skildring av livet hennar, med Helena Bonham Carter i hovudrolla.[4][5] Carter vann ein emmypris for rolla.

Enid Blyton Society blei skipa i 1995[6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Julia Eccleshare. Beatrix Potter to Harry Potter, portraits of children’s writers. National Portrait gallery, 2002. ISBN 1-85514-342-9
  2. enidblytonsociety.co.uk The Faraway Tree
  3. enidblyton.net
  4. «Enid» (på engelsk). Internet Movie Database. 
  5. BBC Press Release
  6. enidblytonsociety.co.uk

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Enid Blyton