Entusiastbreen
Entusiastbreen er ein brei breutløpar i Dronning Maud Land, som hovudsakleg flyt nordover og ut i Lazarevisen. Han får istilførsel i den øvre delen frå Hoelfjella og nordaustenden av Wohlthatmassivet, og Mušketovbreen er ein av sidebreane. Den nedre delen av breen, særleg forholdet mellom Mušketovbreen, vart først skissert av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1961. Dei namngav han «Lednik Entuziastov» og det norske namnet er ei omsetjing av dette.[1]
Entusiastbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 70°30′S 14°30′E / 70.500°S 14.500°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Entusiastbreen 70°30′S 14°30′E / 70.5°S 14.5°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Entuziasty Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Entuziasty Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).