Eolipil

(Omdirigert frå Eolipile)

Eolipil (av Aiolos og latinsk for 'kule') er ein liten reaksjonsturbin for damp som truleg vart funnen opp på 100-talet e.Kr. av Heron frå Alexandria.

Det er føreslått at denne sida blir fletta med Herons kule. (Sjå eventuelt diskusjon)
Ei teiking av eolipil.

Kula byrjar å spinne når ho vert oppvarma og vert rekna som den første dokumenterte dampmaskinen eller reaksjonsturbinen.[1]

Før skriveria til Heron vart eit apparat kalla ein aeolipile skildra på 100-talet f.Kr. av Vitruvius i verket De architectura. Det er derimot uklårt om dette er det same apparatet eller ein føregangar, sidan han ikkje nemner roterande delar.[2]

Kjelder endre

  1. "turbine." Encyclopædia Britannica. 2007. Encyclopædia Britannica Online. 18 July 2007 <http://www.britannica.com/eb/article-45691>.
  2. De Architectura: Kapittel VI (paragraf 2)
    frå «Ten Books on Architecture» av Vitruvius (100-talet fvt.), omsett av Bill Thayer, publisert 17. juni 2008 [1]