Damp er gassfasen til eit stoff ved romtemperatur, som normalt ville hatt enten fast form eller væskeform.

Vassdamp kondenserer over ein kopp varm te

Sjølv om damp og gass ofte ukorrekt vert brukt om ein annan, er damp ein gassfase som er i termodynamisk likevekt med væskefasen eller den faste forma av stoffet i temperatur under kokepunktet til stoffet. Når eit stoff er i gassfasen er temperaturen så høg at ein ikkje samtidig kan ha væskefasen eller den faste fasen av stoffet. Ei væske eller eit fast stoff treng ikkje koke for å frigje damp. Det atmosfæriske kokepunktet til ei væske er temperaturen der damptrykket er lik ei atmosfære. Sjå vassdamp.

Damptrykket er likvektstrykket til ei væske (eller eit fast stoff) ved ein spesifikk temperatur. Damptrykket til ei væske eller eit fast stoff (reint eller i ei blanding) er ikkje påverka av trykket i kontakt med væska eller det faste stoffet.

For tofasesystem (t.d. to væskefasar), er damptrykket til systemet summen av damptrykket til dei to væskene.

Døme endre

  • Parfyme inneheld kjemikaliar som vert damp ved forskjellig temperatur.
  • Luft inneheld vassdamp som kan kondensere til små dropar, som ein kan sjå som skyer, tåke og dis.

Trivia endre

Brennbare væsker brenn ikkje når dei vert sett fyr på. Det er dampskya over væska som brenn viss dampmengda er mellom den låge og øvre eksplosjonsgrensa til væska.

Sjå òg endre