Epistle to Dippy
Epistle to Dippy Singel av Donovan | ||
B-side |
«Preachin' Love» | |
---|---|---|
Utgjeve | Feb 1967 (USA) | |
Innspelt | Desember 1966, Abbey Road Studios, London, England | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:09 | |
Selskap | Epic 5-10127 (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Donovan Leitch | |
Produsent | Mickie Most | |
Donovan USA-kronologi | ||
«Mellow Yellow» (1966) |
Epistle to Dippy | «There is a Mountain» (1967)
|
Epistle to Dippy er ein song og ein singel av Donovan, som kom ut i 1967 og berre i USA, der han nådde 19. plass.
Musikarar på songen er Donovan på vokal og akustisk gitar, Jimmy Page på elektrisk gitar, John Cameron på klaverinstrument og arrangement, Danny Thompson på bass og Tony Carr på trommer. Royal Philharmonic Orchestra spelte strykarar.
Han er skriven som eit ope brev til ein gammal skuleven, og har ei sterk passifistisk melding i tillegg til blomstrande psykedelisk bilete. Den verkelege Dippy var på denne tida i British Army i Malaysia. I følgje Brian Hogg, som skreiv teksten til heftet som følgde plateboksen Troubadour, høyrde Dippy songen, kontakta Donovan og forlet hæren som følgje av songen.