Royal Philharmonic Orchestra

Royal Philharmonic Orchestra (RPO) er eit symfoniorkester basert i London, skipa av sir Thomas Beecham i 1946. Orkesteret fekk tidleg lukrative innspelingskontraktar og viktige oppdrag som Glyndebourne Festival Opera og konsertar i Royal Philharmonic Society. Etter Beecham døydde i 1961 gjekk det langt dårlegare for orkester, som sleit med å overleve fram til midten av 1960-åra, då framtida vart sikra etter ein rapport frå Arts Council til tilrådde at det delvis skulle få offentleg stønad. Ei ny krise oppstod på same tida då det vart snakk om at orkesteret måtte droppe «Royal» frå namnet.

Royal Philharmonic Orchestra (RPO)

RPO i Cadogan Hall, der dei har halde til sidan 2004.
OpphavLondon
Skipa1946
Aktive år1946-
LeiararCharles Dutoit

Etter Beecham har RPO hatt sju hovuddirgentar, inkludert Rudolf Kempe, Antal Doráti, André Previn og Vladimir Ashkenazy. I dag er dirigenten Charles Dutoit. Andre som har vore nært knytt til orkesteret er sir Charles Groves, sir Charles Mackerras, Peter Maxwell Davies, Yehudi Menuhin og Leopold Stokowski.

I 2004 fekk orkesteret sin første permanente base i London i den då nye Cadogan Hall i Chelsea. RPO held òg konsertar i Royal Festival Hall, Royal Albert Hall og andre stader i Storbritannia og utlandet. Frå starten av har oreksteret vore aktiv i studio, og spelt inn musikk til mange filmar og på mange album. Mange av innspelingane med Beecham og andre er gjevne ut på CD.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre