Erik Ellingsen Lundesgaarden

norsk gardbrukar og politikar

Erik Ellingsen Lundesgaarden (21. mars 17661. oktober 1843) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Buskerud.

Erik Ellingsen Lundesgaarden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mars 1766
Ådal kommune
Død

1. oktober 1843 (77 år)
Norderhov

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Lundesgaarden var fødd i Ådalen i Buskerud, der faren var gardbrukar. Sjølv skaffa han seg garden Lundesgaarden i Norderhov i 1790, og kjøpte seinare opp grannegarden. Den store garden dreiv han til han i si tid delte han mellom to av sønene.

Til Lunder kyrkje gav han i 1806 eit kyrkjeorgel i gåve. Etter at orgelet var innsett, møtte ein del bygdemenn opp med økser og jarnspett for å få fjerna orgelet. Lundesgaarden gjekk då inn avtale om at han, og ettermannen hans på garden, skulle koste gratis organist. Sonen hans, Elling Eriksson Lundesgaarden, var sidan organist i 30 år (1830-60).

Lundesgaarden var 2. representant frå Buskeruds amtStortinget i 1821 og omframstortinget i 1822. Han var i 1821 medlem av fire komitear, mellom dei om bergverkslova. Både i 1821 og 1822 var han medlem av Lagtinget. Under riksrettane 1821 og -22 vart han utskoten av den påklaga.

Han døydde på garden sin i 1843.

Kjelder endre