Erik Hagen

norsk fotballspelar

Erik «Panzer» Hagen (fødd 20. juli 1975) er ein norsk fotballspelar. Han er midtstoppar, og er kjend for god fysikk og tøff spelestil.

Erik Hagen
ErikHagen.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Erik Bjørnstad Hagen
Kallenamn Panzer
Fødd 20. juli 1975
Fødestad Veme
Høgd 187 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Vålerenga Fotball
Nummer 5
Ungdomsklubbar
Noreg Jevnaker
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996–97
1998–99
2000–04
2005–08
2008–08
2008–no
Noreg Jevnaker
Noreg Liv/Fossekallen
Noreg Vålerenga
Flag of Russia.svg Zenit
Flag of England.svg Wigan (lån)
Noreg Vålerenga
42 (6)
24 (0)
113 (4)
67 (3)
1 (0)
9 (0)
Landslag
2004– Noreg Noreg 28 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. august 2008
‡ Landslagsmål oppdatert 2. august 2008

KlubbfotballEndra

VålerengaEndra

Hagen fekk kallenamnet «Panzer» tidleg i tida i Vålerenga. Han og midtstopparkollega Kjetil Wæhler var det beste stopparparet i tippeligaen i sesongen 2004, og Vålerenga sleppte inn berre 22 mål i sølvsesongen, ni færre enn Lyn som var det laget i Tippeligaen som sleppte inn nest færrast det året.

FK ZenitEndra

Omtrent samstundes med landslagsdebuten blei Hagen seld frå Vålerenga til den russiske klubben FK Zenit i St. Petersburg for om lag 8 millionar kroner. I 2005 spela Hagen 28 seriekampar for Zenit, og fekk 12 gule kort. I januar 2006 blei han vald til visekaptein på laget.

Sommaren 2007 var han ikkje lenger førsteval, og det var klart at Hagen ønskte seg vekk frå FK Zenit etter at den russiske klubben kjøpte ein ny midtstoppar.

WiganEndra

Den 29. januar 2008 signerte Erik Hagen ein leigeavtale med Wigan, noko som sikra han spel i Premier League fram til sesongslutt. Den einaste kampen hans for førstelaget var i eit tap mot Portsmouth.

Retur til VålerengaEndra

29. juli 2008 blei Hagen presentert som ny spelar på Ullevål stadion før Vålerengas seriekamp mot Tromsø.

LandslagsspelEndra

I oktober 2004 debuterte Erik Hagen på det norske landslaget, 29 år gamal. Hagen har spela 28 A-landskampar for Noreg, og scora 3 mål (pr 2. august 2008).

MerittarEndra

Vålerenga Fotball

FK Zenit

Personlege

  • Erik Hagen fekk i 2004 Kniksen-prisen som Årets Forsvarsspelar og Årets Kniksen.

KjelderEndra