Opna hovudmenyen

Erik Holmberg

norsk fotballspelar

Erik Holmberg (23. mai 192218. september 1998) var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som spelte på Fredrikstad Fotballklubb, og i åra 1949-54 vart seriemeister fire gongar og noregsmeister ein gong. Han var norsk høgreback i 27 landskampar.

Erik Holmberg
Fødd 23. mai 1922
Fredrikstad
Død

18. september 1998
Fredrikstad

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Holmberg spelte i alle år på Fredrikstad (FFK) og vann Hovedserien 1948/49, 1950/51, 1951/52 og 1953/54. I 1950 var han med då FFK slo SK Brann med 3-0 i NM-finalen i Oslo.

Holmberg debuterte for Noreg i ein landskamp mot Danmark i København 8. juli 1946. Han vart tildelt gullklokka då Noreg møtte Sverige i Sommar-OL 1952 i finske Tammerfors og tapte 1-4. Sin 27. og siste landskamp fekk Holmberg seinhaustes 1953 i Hamburg. I VM-kvalifiseringskampen mot det som skulle vise seg å verte det komande verdsmeisterlaget Vest-Tyskland, enda det med 5-1 til heimelaget.

Holmberg var trenar i FFK frå 1956 til 1959, og førte laget til siger i cupfinalen hausten 1956 og siger i seriefinalen våren 1957. Han var trenar i Østsiden IL i åra 1966-68.

MerittarEndra

  • Seriemeister: 1949, 1951, 1952 og 1954 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1950 med Fredrikstad

KjelderEndra

  • Magnus Breili: Fotballboken,1967.