Erik Ivar Fredholm
svensk matematikar
Erik Ivar Fredholm (fødd 7. april 1866 i Stockholm, død 17. august 1927) var ein svensk matematikar.
Erik Ivar Fredholm | |||
| |||
Fødd | 7. april 1866 Stockholm, Klara församling | ||
---|---|---|---|
Død | 17. august 1927 Danderyds församling | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | integrallikning | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Stockholms universitet | ||
Alma mater | Kungliga Tekniska högskolan Uppsala universitet Stockholms universitet | ||
Doktorgradsrettleiar | Gösta Mittag-Leffler | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Accademia Nazionale dei Lincei Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet |
Han var elev av Magnus Gustaf Mittag-Leffler og vart i 1898 dosent og i 1906 professor i mekanikk og matematisk fysikk ved Stockholms högskola. Dei første arbeida til Fredholm dreidde seg om differensiallikningar og eigenskapane til potensrekkjer. Fredholm er derimot særleg kjend for dei banebrytande arbeida sine over løysinga av integrallikningar. Ei rekkje problem i bruksmatematikk kan førast attende til slike likningar, som i sin enklaste form først vart studert av Niels Henrik Abel.
Eit krater på månen er kalla opp etter han.
Kjelder
endre- Erik Ivar Fredholm. (2011-11-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Erik_Ivar_Fredholm