Potensrekkje
Ei potensrekkje (i ein variabel) er i matematikk ei uendeleg rekkje på forma
der an syner til koeffisienten til det n-te leddet, c er ein konstant og x varierer kring c. Denne rekkja oppstår som regel som ei Taylor-rekkje av ein kjend funksjon.
I mange situasjonar er c lik null, til dømes når ein ser på ei Maclaurin-rekkje. I somme tilfelle har potensrekkja den enklare form:
Desse potensrekkjene vert studert i matematisk analyse, men òg i kombinatorikk (under namnet genererande funksjonar) og i elektroteknikk (med namnet Z-transformasjon). Desimalnotasjonen for reelle tal kan òg reknast som eit døme på ei potensrekkje, med heiltalige koeffisientar, men med argumentet x fast på 1⁄10. I talteori er omgrepet p-adiske tal òg nært knytt til potensrekkje.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Power series» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2012.