Erika Mahringer

Erika Mahringer (fødd 16. november 1924) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Linz. Ho vann to bronsemedaljar under Vinter-OL 1948 og to sølvmedaljar under alpint-VM 1950.

Erika Mahringer
Erika Mahringer Are1954.jpg
Erika Mahringer i Åre i 1954
Fødd 16. november 1924
Linz
Død

30. oktober 2018 (93 år)
Mayrhofen

Yrke alpinist
Erika Mahringer på Commons

Mahringer tok bronsemedaljen under OL 1948 i St. Moritz, 0,8 sekundar bakom vinnaren, Gretchen Fraser frå USA. Dert gode slalåmrennet bringa henne heilt opp på tredjeplass i kombinasjonen, ei øving der landskvinna Trude Beiser vann gullmedaljen.

I 1950 var Mahringer på sitt beste under verdsmeisterskapen i Aspen i USA. Ho starta meisterskapen med ein fjerdeplass i storslalåm, og heldt fram med å vinne sølvmedaljen i slalåm, eitt fattig tidels sekund bakom verdsmeisteren, hennar landskvinne Dagmar Rom. I det avsluttande utforrennet tok ho ein ny sølvmedalje, og på ny bak ei landskvinne, den gongen bakom Trude Jochum-Beiser.

Under vinterleikane 1952 i Oslo kom Mahringer som best på fjerdeplass i utfor. To år seinare vart endå ein fjerdeplass hennar beste plassering i VM i alpine greiner 1954 i Åre. Etter sjuandeplass i slalåm, åttandeplass i slalåm og tolvteplass i utfor, enda ho på fjerdeplassen i kombinasjonen.

Mahringer starta ein skiskule i 1954, saman med ektemaken, og året etter opna dei den fyrste skibarnehagen i verda. Ho er mor til alpinistane Uli Spieß og Nicola Spieß, som begge har hevda seg på internasjonalt toppnivå.

KjelderEndra