Erland Asdahl

norsk politikar

Erland Asdahl (6. april 192119. juli 1988) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Nes i Akershus. Han var stortingsrepresentant 1977-81 frå Akershus og for Senterpartiet. Kristian Asdahl var ein eldre bror.

Erland Asdahl
Fødd6. april 1921
Nes kommune
Død19. juli 1988 (67 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
VervStortingsrepresentant 1977–1981
VervLeiar i Bygdefolkets Ungdomsfylking 1953–1955
FøregangarSverre Vaule
EtterfylgjarAmund Randen
VervMedlem i Akershus fylkesting 1959–1967
1971–1975
VervMedlem i Nes formannskap 1959–1963
1971–1975
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1954–1957)
  • vararepresentant til Stortinget (1958–1961)
  • vararepresentant til Stortinget (1965–1969)
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • stortingsrepresentant (1977–1981) Sjå dette på Wikidata

Etter middelskuleeksamen i 1937 tok Erland Asdahl i 1941 eksamen ved Tomb jordbrukskule. Han fekk omgåande jobb gardsstyrar på storgarden Fossum i heimbygda Nes, seinare forpakta han Fossum-garden til 1957. Der etter eigde og dreiv han slekstsgarden i Nes i tida 1957-85. Dei siste leveåra var han seljar for A/S Lett-Jord til han døydde.

Asdahl engasjerte seg i politikken for Senterpartiet. Han var medlem i Nes kommunestyre 1960-67 og 1972-75, lengste tida med plass i formannskapet. Hausten 1977 vart han vald til å representere Akershus fylke og Senterpartiet på Stortinget, der han dei neste fire sesjonane var sekretær i Administrasjonskomiteen.

Asdahl var søndagsskulelærar i 42 år frå 1941. Han var formann i Årnes sokneråd 1962 og 1966-68 og i Borg bispedømmeråd 1970-74.

Kjelder endre