Nes kommune
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nes.
Nes kommune er ein kommune i Viken fylke, som grensar i nord til Eidsvoll og Nord-Odal, i aust til Sør-Odal og Eidskog, i sør til Aurskog-Høland og Lillestrøm, og i vest til Ullensaker.
Nes kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Årnes | ||
Areal | 640,77 km² | ||
- land | 627,21 km² | ||
- vatn | 13,56 km² | ||
Folketal | 24 283 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Grete Sjøli (Ap) | ||
Kommunenr. | 3034 | ||
![]() Nes | |||
Wikimedia Commons: Nes, Viken | |||
Nettstad: www.nes-ak.kommune.no | |||
Historie endre
Tettstaden Vormsund var det opphavlege kommunesentret i Nes herad, men stasjonsbyen Årnes overtok gradvis etter at Kongsvingerbanen vart bygd. I dag finn ein rådhus og kommunesentrum i Årnes, som opphavlege var kapellani under det dåverande hovudsoknet Nes med sentrum ved Vormsund. I dag er Årnes prostesete for prosten i Østre Romerike prosti. Kampå i Fenstad, Brårud, Opakermoen og Skogrand i Skogbygda (Ingeborgrud) er mindre tettstader i nordre og austre del av kommunen og i sør og i aust ligg dei større byggjefelta Aulifeltet, Tomteråsen, Neskollen og tettstaden Haga. Svanfossen som regulerer Noregs største innsjø Mjøsa ligg i Fenstad. Årnes er framleis kjenneteikna som ein stasjonsby frå det 19. hundreåret, medan Nes hovudsokn er utprega med monumentalbygningar i og omkring Vormsund, bl.a Nes kyrkjeruinar, Nes kyrkje, Ullershov og Disen gardar.
Tusenårsstad endre
Tusenårsstaden i Nes er Nes kyrkjeruinar på Vormsund, der Glomma og Vorma møter kvarandre. Kyrkja vart bygd på 1100-talet som ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. Ho ligg i dag i ruinar, men desse blir brukt til gudstenester, bryllaup og konsertar.
Attraksjonar endre
- Nes kyrkjeruinar – sjå ovanfor
- Stein skole – også kjent som Eventyrskolen
- Funnefoss industriarbeidermuseum – det gamle tresliperiet med arbeidarbustader
- Arbeidersmåbruket Furuset – småbruk frå 1909, halde i stand slik det var den gongen
- Auli mølle – den gamle mølla på Auli er framleis i driftsklar stand
Andre attraksjonar
- Disen – prestegard for Nes prestegjeld.
- Gamle Hvam Museum – museum der ein finn den store gamle ærverdige garden Store Hvam med dei bygga som høyrer til
- Svanfoss sluse – sluse som ligg i Fenstad
Media endre
Raumnes er lokalavisa for Nes på Romerike og vert gjeven ut tre gonger i veka. Romerikes Blad og Glåmdalen har avdelningskontor på Årnes.
Kjende nesbuar endre
- Amund Maarud
- Sverre Myrli
- Åslaug Haga
- Torgeir Rebolledo Pedersen, poet som har vore i aksjonsgruppa Stuntpoetene
- Berit Mørdre (d. 2016)
- Jacob Jervell (d. 2014)
- Alf Tande-Petersen
- Geir Frigård
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Nes i Akershus» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mars 2005.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff endre
- Nes kommune Arkivert 2013-06-03 ved Wayback Machine. (Offisiell nettstad)