Erlend O. Nødtvedt

Erlend O. Nødtvedt (fødd 21. oktober 1984 i Bergen)[1][2] er ein norsk lyrikar.

Erlend O. Nødtvedt
Nødtvedt befaler (24824175381) (cropped).jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 21. oktober 1984 (35 år)
Bergen
Yrke skribent, lyrikar
Periode 2008-
Debut Harudes
Erlend O. Nødtvedt på Commons

Han debuterte i 2008 med diktsamlinga Harudes, og i 2011 kom Bergens beskrivelse.[3] Begge bøkene har fått mykje merksemd og gode kritikkar. For Harudes fekk han prisen Ung Poesi i Hordaland av Hordaland fylkeskommune og Venelaget Olav H. Hauge og Bergens beskrivelse var med på lista over årets beste bøker då litteraturåret 2011 vart gjort opp i Klassekampen.

Nødtvedt har mastergrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen[4] og årskurs frå Skrivekunstakademiet i Hordaland.[5] Han har vore redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vagant og arbeider no som litteraturformidlar på Bergen Offentlige Bibliotek.[2] Han er oppvaksen i Fyllingsdalen.

BøkerEndra

  • 2008 – Harudes – Dikt
  • 2011 – Den Wiit-berømte, i fordum Dage Kongelige Residentz, oc endnu høy-Priviligierede Kiøb oc Handels-Stad Bergens Beskrivelse – Dikt
  • 2014 – Trollsuiten – Dikt
  • 2016 – Dikt 2014 – Attdikting av Digte 2014 av Theis Ørntoft, saman med Britt Kristin Ese
  • 2017 – Vestlandet – Roman
  • 2019 – Slekter – Dikt

PrisarEndra

ReferansarEndra

  1. ««Erlend O. Nødtvedt»». Forfattarkatalogen til Norsk forfattersentrum. Henta 7. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 Mette Karlsvik (23. februar 2012). ««Møt et nytt DnF-medlem: Erlend O. Nødtvedt»». Nettstaden til Den norske Forfatterforening. Henta 7. april 2012. 
  3. ««Nødtvedt, Erlend O.»». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 7. april 2012. 
  4. Inger Merete Hobbelstad (11. oktober 2011). ««Fukt i sjelen»». dagbladet.no. Henta 7. april 2012. 
  5. ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 7. april 2012. 
  6. Simon Sortland (22. september 2008). ««Poesi for alle aldrar»». Nettstaden til Hordaland Fylkeskommune. Henta 7. april 2012. 
  7. ««Bergensprisen»». Natt&Dag. 12. februar 2012. Henta 7. april 2012. 
  8. Bjørnsonstipendet til Erlend O. Nødtvedt

BakgrunnsstoffEndra